Victor Sotberg får Dialektprisen 2020
– Victor Sotberg bidrar til å ufarleggjere dialektbruk, seier leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det betyr faktisk heilt sjukt mykje for meg å få Dialektprisen 2020! Ikkje berre fordi eg er veldig stolt over mi trønderske dialekt, men også fordi eg er glad i dialektar generelt. Eg berre elskar dialektar.
Det seier Victor Sotberg i ei pressemelding frå Norsk Målungdom.
Ufarleggjer dialekt
Dialektprisen går kvart år til eit dialektføredøme for ungdom, og blir delt ut av landsstyret i Norsk Målungdom.
Prisen vart delt ut for første gong i 2001 og har tidlegare gått til profilar P3Morgen, Helsesista og Lothepus.
I år går prisen altså til den 29 år gamle YouTubaren Victor Sotberg frå Steinkjer i Trøndelag.

Leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Sjold, gler seg over dialektmangfald på YouTube. Foto: Frida Pernille Mikkelsen / Norsk Målungdom.
Leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold, rosar Sotberg for å bidra til å ufarleggjere dialektbruk og gjere dialektmangfald gøy gjennom leiking med språket.
– Ved å bruke si klinkande klare steinkjerdialekt gjer han det lettare for barn og unge å bruke dialekta si, seier Skjold i pressemeldinga.
Frå «Weird Norwegian» til «BlimE»
Sotberg starta sin YouTube-karriere under kallenamnet «Weird Norwegian», der han mellom anna prøvde seg på ulike språk.
Etterkvart har 29-åringen teke steget frå det sosiale mediet inn i NRK, som programleiar i NRK Super-satsinga FlippKlipp. I fjor svingte han seg inn på ein tredjeplass i Skal vi danse.
Sist, men ikkje minst har Sotberg profilert seg som frontfigur i kampen mot mobbing, gjennom å dela eigne erfaringar i sjølvbiografien Bare Victor og fronta årets «BlimE»-låt, som Google har kåra til årets mest YouTube-video i Noreg.
Variert dialektinnhald på YouTube
I år er første gong prisen går til ein YouTubar.
– YouTube er blant dei mest brukte tenestene for barn og unge, og ved å møte eit stort og variert dialektmangfald der dei er, vil barn og unge bli sikrare i dialekta si. Det bidrar Sotberg til på ein framifrå måte, seier Skjold i pressemeldinga.