– Etter eg hev transkribert Midlandsmaal av Rasmus Flo med Arne Garborg, så hev eg rett og slett forelska meg i i-målet, skriv språkentusiast Johanna Breivang.
Johanna Breivang
Johanna Breivang

No som diskusjonen um endingar og a-infinitiv endeleg er byrja, så fær vi taka dette “viktige” temaet vidare, og lure på kor det hev blitt av det gamle. Eg meiner personleg at det burde vera lov med noko som reflekterer min eigen dialekt mykje meir, på same måte som a-infinitiven reflekterer fleirtalet av distrikti på Vestlandet:

Eg pratar sjølvsagt um i-målet.

(Det er viktig å uppklare at denne teksten er skriven med eldre former og inkluderer greidor som kan vera vanskelege. Um du hev spørsmål um ordval og endingar, tilrår eg å spørja i kommentarane!)

Innhering med i-mål

I-målet derimot, er ikkje berre éi greida. Det er fleire ulike system, som kan bli samansette. Anten det er snakk um substantiv eller verb. For meg som innhering (og uppvaksen på Romsdalen), er i ein viktig, kjær del av målføret mitt. Det er au ein viktig del av skrifti i visone og bøkene eg verdsett.

Dette er ikkje berre noko munnleg, og det er heller ikkje ein konkurrent til a-infinitiven. Nemleg så favoriserte Ivar Aasen både -a for verb og -i for substantiv: vera, kasta, vore, tidi, husi. Den mindre kjente midlands-normalen, som lagt fram av blant anna Flo og Garborg, favoriserte derimot fullstendig i-mål: vera, kaste, vori, tidi, husi.

Så hev eg rett og slett forelska meg i i-målet

Etter eg hev transkribert Midlandsmaal av Rasmus Flo med Arne Garborg, så hev eg rett og slett forelska meg i i-målet. Eg ser på det som tragisk at så mykje av dette hev forsvunni. Eg hev au byrja å sakne skilnaden av sterke og linne høkjønnsord, som eg finn i dialekten min.

Presens perfektum og perfektum partisipp

Fleire kan kanskje tenke at slikt er daudt, men då hev dei teki heilt feil! For i-endingane i skrift er nemleg noko eg ser kvar dag! I tillegg til dette, ser eg fleire folk nytte verbi som blei tekne burt i 2012 og tidlegare: Standa, ganga eller hava. Det viktigaste der er no eine endingi på verbi: Presens perfektum og perfektum partisipp!

Dei hev forsvunni frå rettskrivingi, men lever godt på nett! Former som: vori, funni og eti osv er godt levande former på skrift, på nett og i målføri! Og som tidlegare klammeformer, meiner eg dei kan godt bli tekne tilbake i ordboki!

Eg må no berre minne på at “me” var ei form som var i lengst tid klammeform! Likevel sidan du finn formi i alle landsdelar, så kom ho fram! I tillegg hev ein jo så/so, nå/no og då/da, der eine var klammeformi og no er begge likestilte! Gamle og sidestilte former kan altså framleis bli tekne inn!

Bruk ordi!

Eit viktig punkt å hugse på, er at sjølvsagt så endar jo ord ut av bruk um dei ikkje er tilrådd eller sett på som gyldige former. Men um dei blir vist respekt institusjonelt, så endar dei jo ofte i bruk!

Eg trur at um vi reintroduserer i-mål, så blir det brukt!

Uavhengig av alt dette, er det verdt å hugse at noko treng ikkje standa i ordboki for at vi skal nytte det! Det er jo slik nye ord kjem inn i ordboki og slik språk utviklar seg og lever. Vi må ikkje vente på at ting skal skje offisielt. Vi må få det til å skje ved bruk. Dette gjeld for andre diskusjonar au, som ved pronomenet “hen”.

Men eg trur at um vi reintroduserer i-mål, så blir det brukt! For det blir jo brukt skriftleg kvar dag sjølv um det ikkje stend i ordboki. Det blir jo til og med brukt i den teksten du les akkurat no, nesten 10 år etter det blei teke ut or rettskrivingi av Språkrådet.

Så, for å u-originalt taka inspirasjon frå eit gamalt motto: Snakk dialekt – Skriv i-mål!


Sarah Bernhardt i rolla som Hamlet. Foto: Lafayette, London, fri lisens

LES OGSÅ

ANNONSE