Ny roman: – Inspirert av dyretragediar i landbruksnæringa

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette var noko forfattar Marianne Clementine Håheim ville utforske i romanform. I «Plikt» skriv ho om ein ung mann som tek over farsgarden, og dermed òg mykje ansvar. Kvart dyr treng omsorg og mat, men korleis skal han klare alt dette når han sjølv er så einsam?

Forfattaren fortel at romanideen sprang ut av medieoppslag om dyretragediar i landbruket. Saker som handlar om grov vanskjøtsel og der kommentarfelta raskt blir fylte med hat.

For Clementine Håheim, som sjølv har vakse opp på gard, vart det ekstra nært.

– Det at nokon som har ansvar for og livnærer seg av dyr, kan slutte å gå i fjøset for å gjere jobben sin, det klarte eg ikkje å forstå. Eg ville skrive om det – for å prøve å forstå det, seier ho.

Tabubelagt

Då romanideen først hadde slått rot, brukte forfattaren mykje tid på å lese seg opp på tematikken. Landbruksorganisasjonane, Norsk Landbruksrådgiving og Mattilsynet vart viktige kjelder, det same vart medieoppslaga som omhandlar dyretragediar av dette slaget.

– Eg byrja å skrive allereie som barn, sannsynlegvis som ein konsekvens av at eg las mykje og var tiltrekt av moglegheita til å skape heilt eigne univers, seier forfattar Marianne Clementine Håheim. Foto: Andreas E. Nygjerd

– Eg fann raskt ut at dyretragediar og alvorlege dyrevernsaker ofte har med den psykiske helsa til bonden å gjere.

Forfattaren rosar ressurssida godtbondevett.no og samarbeidsprosjektet Den psykiske helsa til unge bønder. Ho fekk også ein psykolog til å hjelpe seg, Trond Løkling, som har arbeidd mykje med bønder i bedriftshelse-samanheng.

– Han har gitt meg viktiinnsikt i dei særeigne utfordringane bønder står i, og i korleis psyken fungerer i krise. Eg har òg snakka mykje med far min, som har vore bonde. Bønder med eigenerfaring på feltet, har eg dessverre ikkje hatt moglegheita til å snakke med, seier ho.

Forfattaren trur det er tabubelagt blant bønder å slite psykisk.

– Alt eg har lese om tematikken, tilseier det. Bondeyrket krev ein del eigenskapar som kan komme i konflikt med det å vise seg sårbar og be om hjelp. Ein vil og må klare seg sjølv. Det er eit yrke der ein òg lever under høgt press og aldri eigentleg har fri.

– Samtidig trur eg det er vanskeleg å vere open om psykiske plager eller sjukdom dersom ein ikkje har eit tryggingsnett som kan avlaste – og ta imot, understrekar forfattaren.

Steffen Fjellestad er sjølv odelsgut. Foto: Privat.

Steffen Fjellestad er odelsgut, frå Gloppen:  Den unge flinke bonden er han som hentar inn hjelp og lever i samspel med apparatet og samfunnet rundt, fortel han. Foto: Privat.

Må «blande seg»

Marianne Clementine Håheim trur vi er på veg mot meir openheit når det gjeld psykisk helse. Men det er eit godt stykke igjen, meiner ho, og skyt inn:

– Openheit fiksar heller ikkje alt og inkluderer ofte ikkje alle. Eg opplever at dei tunge, psykiske lidingane og langvarige sjukdomsforløpa ofte forsvinn i skuggen av solskinshistorier om dei av oss som har vore psykisk sjuke – og vorte friske igjen. Mange diagnosar er det framleis liten forståing og aksept for, fortel Håheim og held fram:

– Vidare er det ein lang veg å gå når det gjeld eksempelvis kjønnsforskjellar – sjå berre på sjølvmordsstatistikken blant menn. At vi snakkar om psykisk sjukdom er ikkje nok, vi må òg byrje tidleg med førebygging, styrkje lågterskeltilboda og ruste opp psykisk helsevern og sikre godt ettervern – for å nemne noko.

Openheit fiksar heller ikkje alt og inkluderer ofte ikkje alle.

Når ein bonde sluttar å gå i fjøset, blir utfallet fatalt. Det store spørsmålet er korleis ein kan førebyggje slike tragediar, og forfattaren understrekar at ho ikkje sit på fasiten. Men fagpersonane ho har snakka med, peikar på møteplassar og sosiale nettverk som viktige.

Det er lettare å bry seg om folk ein treffer jamleg, og det er òg lettare å merke om nokon endrar seg dersom ein har hyppig kontakt.

«Plikt» handlar om ein ung mann som flyttar heim for å overta garden. Det viser seg å bli tyngre enn han trudde – ikkje berre fysisk. Foto: Forlaget Oktober

– Eg tenkjer det er viktig å byggje ned terskelen for å «blande seg». I tillegg er det sjølvsagt viktig med god informasjon om psykisk helse, kva ein kan gjere for å ta vare på seg sjølv – og kva hjelpetilbod som finst, seier forfattaren, som trur «Plikt» kan vere interessant lesing for mange.

For sjølv om hovudpersonen er bonde, er mange av problemstillingane fellesmenneskelege. Det handlar om kvar grensene for plikt og ansvarskjensle går, kva det eigentleg vil seie å vere sterk, og kor viktig vi menneske er for kvarandre, seier forfattaren. Som også gjerne vil seie noko om at å byggje identitet på å klare alt sjølv, det gjer deg veldig sårbar.

– Så håpar eg sjølvsagt òg at mange som jobbar i landbruket og landbruksorganisasjonane vil lese boka, og at den kan bidra til den vidare samtalen om psykisk helse.

For forfattaren vart alt veldig levande under skrivinga, ikkje minst fordi ho skreiv med barndomsheimen og heimkommunen i tankane.

– Tematikken har òg vorte veldig nær. Eg har sjølv erfaring med psykisk sjukdom og forstår impulsen til å vilje skyve ting under teppet – for å sleppe å sjå det.


Er du interessert i å lese meir om litteratur? 

Les meldinga av tidlegare OD-leiar Sunniva Roligheten sin første roman: – Boka er som eit par heilt nye briller å sjå verda med

Sunniva M. Roligheten (f. 2000, frå Larvik) jobba i Operasjon Dagsverk frå 2018 til 2020, og er no student. «Når alt er av papir» er hennar skjønnlitterære debut. Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss, Cappelen Damm

Fakta om Marianne Clementine Håheim:

  • Er frå Sunnfjord, bur på Laksevåg i Bergen og er 33 år.
  • Debuterte i 2012 med diktsamlinga «Bilydar».
  • I 2015 gav ho ut «Svart belte».
  • Aktuell no med romanen «Plikt» frå Forlaget Oktober.

«Plikt» handlar om ein ung mann som flyttar heim for å overta garden etter faren i kjølvatnet av at faren gjekk bort. Den unge mannen har aldri ønskt å bli bonde, men lèt seg styre av trongen til å vidareføre livsverket til faren. Det viser seg å bli tyngre enn han trudde – ikkje berre fysisk. Boka handlar kort sagt om stor einsemd og eit menneske i krise.