Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg les over 300 bøker i året, både skjønnlitteratur, og sakprosa som research. Eg les raskt og heile tida, lesing er nesten like viktig som skriving for meg, skriv forfattar Ingrid Storholmen på e-post til Framtida.no

44-åringen frå Verdal blei nominert til Ungdommens kritikarpris for sin siste roman, Støvberar. Storholmen har tidlegare fått Sultprisen for sitt samla forfattarskap, og prosaboka Tsjernobylfortellinger blei nominert til Brageprisen, Kritikarprisen og MPAC Dublin Literary Award.

– Dessutan les eg barnebøker til 5-åringen min, i alle fall to per dag, legg ho til.

Vi har fått eit innblikk i den omfangsrike bokhylla til forfattaren.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Ekteskapet mellom himmel og helvete av Wiliam Blake, i Henning Hagerup si fine nyomsetjing. I tillegg nokre gamle Dag og Tid som eg alltid vil lese grundigare.

Kva bøker les du helst?

Skjønnlitteratur, også lyrikk, gjerne samtidslitteratur, for å følgje med på kollegaer og for å sjå korleis det litterære landskapet er rundt meg.

I tillegg til bøker eg les/slukar for å fordjupe meg i ulike tema som eg til ei kvar tid skriv om.

Kor les du?

I den brune sofaen i den indre stova, passe aleine og likevel saman. Kvar ettermiddag og kveld, og på kontoret mitt på dagtid, i stolen med det gule teppet, og ein liten halvtime på senga, dessutan les eg alltid, alltid på reise.

Desse bøkene fekk Ingrid Storholmen til å le, gråte, verte sint og tenkje. – Fekk meg til å tenkje: Alle bøker eg les! Men skal eg velje éi, seier eg «Livet er den eneste måten» av den polske meisterpoeten Wislawa Szymborska.

Kva bøker vart lesne til deg som liten?

Bestemor las enormt mykje for meg og søstrene mine, alt frå Anne Cath Vestly sine bøker om mormor og dei åtte ungane til Og bakom synger skogene og resten av serien om Bjørndalsfolket av Trygve Guldbransen. At det ikkje akkurat var barnebøker, spelte inga rolle.

Desse bøkene var ein del av barndommen til Ingrid Storholmen. Foto: Gyldendal, Aschehoug

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Brannen av Tarjei Vesaas, var veldig, veldig viktig for meg frå vidaregåande og framover gjennom studia.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Morgon og kveld av Jon Fosse, det er eit meisterverk, med tematikk som ligg nært mitt.

Ingrid Storholmen synest denne boka av jon Fosse er eit meisterverk. Foto: Tom A. Kolstad / Samlaget, kollasj Framtida.no

Kva meiner du gjer ei bok god?

At eg finn både gjenkjenning, og utviding der, at det språkleg er originalt, og rytmisk, at ho flyttar på noko i hovudet mitt, let meg sjå noko nytt.

Kva bokkarakterar kjenner du deg mest att i?

Hovudpersonen i Gunnhild Øyehaug si bok Vente, blinke, eller hovudpersonen i Den högsta kasten av Carina Rydberg.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Poeten og essyisten Torunn Borge, min nære venn og nærmaste kollega, som døydde i 2014. Å fått ein kveld til med Torunn, takka ho og fått sagt farvel.

Ingrid Storholmen ville gjerne invitert venninna Torunn Borge (t.v.) på middag, og hadde valt Nobelpris-vinnar Herta Müller om ho berre skulle lese ein forfattar resten av livet. Foto: Morten Brun/Forlaget Oktober, Cato Lein/Tiden Norsk Forlag

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Herta Müller.

Kva av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

Romanen Støvberar som kom i 2020, med Liv Ullmann som hovudpersonen Ingeborg.

Ingrid Storholmen skulle gjerne sett Liv Ullmann spele hovudpersonen i romanen hennar Støvberar. Foto: gdcgraphics, Wikipedia / Aschehoug / Rigmor Dahl Delphin http://digitaltmuseum.no, kollasj Framtida.no


Sunniva Roligheten sykla til Gert (Var sånn 40-50 km å sykle (og det var kun én vei), så var egentlig ett litt slitsomt påfunn)

Ingrid Storholmen

Alder: 44

Frå: Verdal

Utdanning: Forfattarstudiet i Bø, pluss fleire år med studium i litteraturvitenskap, nordisk og filosofisk estetikk.

Yrke: Forfattar