Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Mennesket er feigt. Vi dveler ved gode minner.» står det ein stad i boka Når alt er av papir – ei bok som handlar om nettopp minne.

Kapittel for kapittel, avsnitt for avsnitt nøstar eg-personen i boka opp ting ho hugsar. Kva betydning har eigentleg minne? Og korleis formar dei oss?

Erfaren debutant

Forfattaren av Når alt er av papir heiter Sunniva M. Roligheten, og det er hennar debutbok. Men ho er allereie ein erfaren forfattar. I 2016 fekk ho Ambjørnsenprisen, og i 2017 bidrog ho til debutantantologien Signaler.

Forlaget har valt å kalla Når alt er av papir for ein roman, men den merkelappen er ikkje openberr. Boka kunne like gjerne hamna i kategorien lyrikk.

Det som i alle fall er sikkert er at Når alt er av papir ikkje er ein tradisjonell roman. Kvart kapittel er eit notat frå eit spesielt skulefag. Handlinga i boka blir ikkje fortald lineært. Me får heile tida små glimt frå livet til eg-personen – det er opp til lesaren å setja desse glimta saman til ein større forteljing.

Når alt er av papir er ei utforsking av verda. Boka har ei heilt eiga stemme, og forfattaren viser ei kraftig evne til refleksjon. Kjensler, ting og fenomen blir granska og undersøkt. Undringa står sentralt. Boka er som eit par heilt nye briller å sjå verda med.

Det er ikkje tvil om at Når alt er av papir er ei velkomponert bok. Boka er prega av musikalitet og ein god rytme. Språket er gjennomarbeidd og flyt godt.

Ingen av personane i boka har – så vidt eg har fått med meg – namn. Men likevel, det er vanskeleg å ikkje utvikla ein valdsam omsorg for dei me møter.

Menneska i Når alt blir papir verkar å vera rota i verkelegheita. Dei er både såre og truverdige, og dei triggar nysgjerrigheita. Betre kan det nesten ikkje gjerast!

Når alt er av papir kunne med fordel ha vore kortare. I byrjinga er boka levande og har evna til å overraska, men dessverre forsvinn vitaliteten til boka når ho nærmar seg slutten.

Det blir monotont og langdrygt – og boka krev meir og meir konsentrasjon.

Det verkar rett og slett som om den siste delen av boka går på tomgang. Interessa for teksten og det som skjer forsvinn.

Eg trur resultatet kunne ha blitt ei frykteleg mykje betre bok viss det berre skjedde litt meir og boka ikkje var så einsformig. Dette blir for keisamt!


Les også: I bokhylla: Sunniva Roligheten sykla heim til Gert Nygårdshaug for å gje han ei brodert t-skjorte

Sunniva Roligheten debuterer med sin første roman Når alt er av papir. Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss

Fakta

  • Tittel: Når alt er av papir 
  • Forfattar: Sunniva M. Roligheten
  • Forlag: Cappelen Damm
  • Utgitt: 2021
  • Sjanger: Roman