Klimakrise, matmangel, aukande kriminalitet og arbeidløyse skaper migrantkrisa i Mexico og Mellom-Amerika. No har fleire av landa plassert soldatar og politi på grensene for å avgrensa innvandringa.

– Mange har mista jobben og trua på framtida, dei har økonomiske problem, transport er vanskeleg og kriminaliteten har auka.

Det seier María Jacinta Tartón Chuy (17) via Framtida.no sin kontakt i Guatemala, Karen Simon.

17-åringen går i andreklasse på vidaregåande i San Juan Comalapa i Chimaltenango, Guatemala. Ho fortel at kring 10 prosent av ungdommane i bygda hennar har utvandra til USA.

María Jacinta Tartón Chuy utanfor skulen i San Juan Comalapa i Guatemala. Foto: Jesner Crisfer Ivan Colaj Xocop

LES SAKA: Store forskjellar: María Jacinta (17) frå Guatemala og norske Hannah (18) om koronakvardagen og framtida

Rekordmange

På grensa mellom Mexico og USA var det i mars 170.000 migrantar som blei stoppa, og i april var det om lag like mange, ifølgje CNN. Det er det høgaste talet på 20 år. 19.000 av desse var einslege mindreårige. Det er òg ny rekord, ifølgje den amerikanske tv-stasjonen CBS News.

Flesteparten av migrantane kjem frå Guatemala, Mexico og Honduras. Meir enn 64.000 av dei som har blitt stoppa så langt i år, er frå Guatemala, ifølgje CBS News. Mange av migrantane frå Guatemala kjem frå område som har vore utsette for flaum og naturkatastrofar.

Biletet frå 5. mai viser pilgrimmar som ber om at Pacaya-vulkanen i Guatemala skal slutta å spy ut lava, røyk og oske. Vulkanen har vore aktiv sidan tidleg i februar. Foto: NTB / AP Photo/Moises Castillo

Klimasjokk, matmangel og vulkanutbrot

Guatemala er blant dei åtte landa i verda med størst risiko for naturkatastrofar og stor sårbarheit for klimasjokk, ifølgje FN. Landet blei råka av to kategori 4-orkanar i fjor, og no førebur landet seg på ein ny orkansesong. For knapt tre år sidan var landet åstad for eit valdsamt vulkanutbrot som ramma tusenvis av menneske, og styresmaktene har fått kritikk for å handtera situasjonen i landet dårleg.

I Guatemala lever no kring 10 av dei 17 millionar innbyggarane i landet under fattigdomsgrensa, ifølgje FN. 2,3 millionar menneske har usikker tilgang til mat. Går ein gatelangs så kan ein sjå fleire hus som har heist kvite flagg for å signalisera at dei manglar mat. Koronapandemien har gjort ei alvorleg matkrise i landet verre.

Ein av innbyggarane i Villa Nueva i Guatemala signaliserer med eit kvitt flagg at familien hennar treng mat. Foto: NTB / AP Photo/Moises Castillo

Drapstoppen

Nicaragua, El Salvador, Honduras og Mexico er blant dei farlegaste landa å vera ung i. Det er òg farleg for dei som reiser gjennom landa på veg til grensa til USA.

I 2018 var det 52 drap per 100.000 innbyggarar i El Salvador. Ingen andre land har fleire drap i forhold til folketalet. Talet var 38,9 drap per 100.000 i Honduras og 22,5 drap per 100.000 i Guatemala, ifølgje FN. I Noreg var talet 0,5.

Ein slektning held eit portrett av Ribaldo Jimenez, ein av migrantane frå Guatemala som blei drepen nær den amerikanske grensa til Mexico 22. januar 2021. I mars var det ei stor gravferd i Comitancillo. Migrantane var blant 19 menneske som blei skotne og brende i Camargo, nord i Mexico. Foto: NTB / AP Photo/Moises Castillo

LES OGSÅ: Studentar i front for mangfald og samfunnsendring i Guatemala

– Fortvilande

Leiv Marsteintredet er professor ved Universitetet i Bergen og ekspert på Latin-Amerika. Foto: UiB

Leiv Marsteintredet er professor ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen og ekspert på Latin-Amerika. Han seier den økonomiske situasjonen nord i Mellom-Amerika er fortvilande.

– Vald og gjengproblematikk skaper ein usikker situasjon for mange. Elles skaper klimatiske forhold stadig større utfordringar med stormar og for mykje regn, fortel professor Leiv Marsteintredet på telefon til Framtida.no.

Guatemala, Honduras og El Salvador har ikkje opplevd noko betring i levevilkåra, i motsetnad til landa lenger sør.

– Det har vore ille i Mellom-Amerika i mange, mange år. Og det ser ikkje ut til å vera teikn til betring. Det gjer at mange mistar trua på ei framtid i landet sitt.

Rett før påske blei bror til presidenten i Honduras dømd til livtid i fengsel i USA for narkotrafikk, og presidenten sjølv er òg skulda for å vera involvert.

– Når økonomien er så gjennomsyra av korrupsjon, så forsterkar dette krisa, påpeikar Marsteintredet.

Den amerikanske visepresidenten Kamala Harris i videomøte med Guatemala-president Alejandro Giammatteii slutten av april. Foto: Jacquelyn Martin / AP Photo / NTB

Signaleffekt

Pandemien skaper òg usikkerheit oppå den allereie usikre økonomiske situasjonen, og har bidratt til at endå fleire har mista jobbane sine.

Leiv Marsteintredet seier migrantkrisa vil bli ei stor utfordring for Biden-administrasjonen framover.

Trump sendte veldig klare signal om kva som møtte dei som reiste til USA. Interneringsleirar og deling av familiar var med på å dempa innvandringa.

– Når Biden opnar opp og legg til grunn å følgja meir allment akseptable menneskerettar, så er det klart at det sender eit signal.

Biden-administrasjonen jobbar no på fleire område for å stoppa den store auken i ulovlege migrantar. Visepresident Kamala Harris leier innsatsen, og kjem til Mexico og Guatemala 7.–8. juni. Det blir hennar første utanlandsreise som visepresident.


Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Gløymde kriser». Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no

LES OGSÅ: Store forskjellar: María Jacinta (17) frå Guatemala og norske Hannah (18) om koronakvardagen og framtida

María Jacinta (17) frå Guatemala og norske Hannah Kjellevold Steinsland (18) går begge i 2.klasse på vidaregåande. Men elles er kvardagen ganske annleis. Foto: Jesner Crisfer Ivan Colaj Xocop og privat
Oppdatert: torsdag 13. mai 2021 10.23
ANNONSE