Erna Solberg støttar AUF-leiar etter netthets: – Ein motbydeleg merkelapp

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei ny undersøking frå Medietilsynet viser at det er flest unge som opplever hatefulle ytringar.

AUF-leiar Hoem (26) seier til NRK at ho ikkje lenger les kommentar eller orkar å lese meldingar frå framande.

– Eg har ikkje opplevd dei aller verste drapstruslane. Det er ofte kommentarar på utsjånaden eller at nokon er usamd i det ein har sagt, og meiner at ein ikkje burde få lov til å seie det. At ein er landssvikar er noko ein ofte ser i kommentarfelta. Det er mykje hat mot AUF, seier Hoem til NRK.

Astrid Hoem vart valt til leiar av AUF, Arbeidarpartiets ungdomsorganisasjon, i 2020. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Medietilsynets undersøking viser at 20 prosent i aldersgruppa 16 til 24 år har opplevd netthets. 13 prosent oppgir å ha fått hatefulle ytringar, noko som er den vanlegaste forma for netthets, ifølgje undersøkinga.

Les også innlegget der AUF-politikar Victoria Elisabeth Andal (21) tek eit oppgjer med hetsen: «Hold munn din offentlig og sug k*k, det er det kvinner brukes til»

– Ingen skal måtte oppleve dette

Statsminister Erna Solberg rykkjer no ut med støtte til AUF-leiaren i ein skriftleg uttale sendt til NTB.

– Historia til Astrid Hoem i AUF gjer inntrykk. Sjølvsagt er ingen i AUF landssvikarar. Det er ein motbydeleg merkelapp å setje på nokon. Ingen skal måtte oppleve hets og sjikane på grunn av den politiske ståstaden sin, seier Solberg.

Statsminister Erna Solberg (H) seier det er motbydeleg å kalle politiske meningsmotstandarar for landssvikarar. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

AUF-leiaren seier òg at hetsen mellom anna fører til at ho går glipp av meldingar frå folk som vil diskutere på ein skikkeleg måte, sidan ho ikkje orkar å opne meldingane.

– Det har vorte ein hardare og meir uforsonleg tone i sosiale medium. Mange opplever at dei ikkje kan delta i samfunnsdebatten fordi hetsen, sjikanen og utfordringane har vorte fleire og større. Det svekkjer ytringsfridommen og demokratiet vårt, slår Solberg fast.

– Vi kan ikkje akseptere at ytringar skal stilne fordi vi ikkje kan oppføre oss på nettet, seier statsministeren.

Russepresident Sara Landaas ved Bodin vidaregåande skule har òg stått fram i NRK og fortalt om hetsen ho fekk etter å ha foreslått at russen skulle prioriterast i vaksinekøen.

– Når folk skreiv at dei ønskte meg død, var det litt ekkelt. Då ville eg berre vere heime, seier ho.

– Fellesskapet taper

– Dessverre er det mange som har liknande historier, og derfor har det vore viktig for regjeringa å ta tak i dette. Vi har i mange år jobba målretta for å motverke rasisme og hatkriminalitet, og vi har mellom anna lagt fram ein strategi mot hatefulle ytringar, seier Solberg.

Statsministeren ber folk halde fram med å bry seg, og seier at om vi sluttar å gjere det vil fellesskapet stå igjen som taparen.

– Vi må kjempe for demokrati, fridom, openheit og toleranse kvar einaste dag og på alle arenaer i samfunnet, seier Solberg.


21 år gamle Oda Sofie Pettersen er førstekandidat i MDG Agder, som stiller felles liste til stortingsvalet. Foto: Jonas Stefan