«Hold munn din offentlig og sug k*k, det er det kvinner brukes til»

Victoria Elisabeth Andal (21)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg har vore politisk aktiv fast sidan 2016, men har vore interessert i politikk så lenge eg kan hugse. Vegen til der eg er no har vore tøff, og eg har snakka med folk som har fordommar mot meg på godt og vondt.

Feil type merksemd

Med sentrale verv og ikkje minst mitt samfunnsengasjement når det kjem til psykisk helse, inneber det gjerne nokre avisoppslag i form av artiklar eller lesarinnlegg.

Det er ikkje overraskande at når ein kjem i nasjonale eller lokale aviser gjev det merksemd, men den typen merksemd som kjem er i stor grad feil.

Det er alltid hyggjeleg med meldingar som: «Hei, du ser søt ut skal vi bli kjent». Det motsette kjønn er som oftast veldig respektfull når eg takkar nei. Meldingar med fine kommentarar og at folk er einig, er også noko eg set pris på.

Frå framande menn

Når det kjem meldingar i innboksen, gjerne frå menn i 50-åra der det står:

«Du er for ung til og ha meninger, finn deg en jobb og bli eldre før du uttaler deg offentlig!» eller «Du får stemmer av utsende ditt».

Ei av dei verste meldingane eg fekk var: «Hold munn din offentlig og sug k*k, det er det kvinner brukes til».

Fellesnemnaren for dette er at dette er frå menn, som eg aldri har hatt noko forhold til.

Hets av kvinnelege politikarar

Eg veit at eg ikkje er den einaste ungdomspolitikaren som har opplevd netthets. Ifølgje ein rapport av Amnesty opplever to av tre kvinnelege politikarar netthets.

Det er feil at ein politisk aktiv mann blir møtt med argument, medan vi som kvinner blir møtt med hets fordi vi er kvinner.

Dette skremmer andre kvinner frå å delta i samfunnsdebatten, og vi let store stemmer gå i skjul fordi hetsen er for stor i media.

Eg er oppvaksen til å tru det beste om alle menneske, men nokre gonger lurar eg på om internett kom for tidleg for den eldre garde. Vi kan felles undrast over kva som er hatprat og ytringsfriheit med dette.

Har du noko på hjartet? Send inn til: tips @ framtida.no!


21 år gamle Oda Sofie Pettersen er førstekandidat i MDG Agder, som stiller felles liste til stortingsvalet. Foto: Jonas Stefan