Ap vil ha krafttak mot lærarmangel etter nytt år med nedgang i søkjartal

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tal frå Samordna opptak viser at lærarutdanning er det studieområdet med prosentvis størst nedgang i talet på søkjarar, skriv Dagens Næringsliv. Det er 553 færre søkjarar enn i fjor, ein nedgang på 4,3 prosent.

– Pandemien har vore enormt krevjande for lærarar både i skular og barnehagar, og dette blir no vist i søkjartala. Søkjartala er dramatiske, seier leiar i Pedagogstudentene Elise Håkull Klungtveit til DN.

Det er andre året på rad med nedgang i tala, og sidan toppen i 2019 er talet på førstevalssøkjarar redusert med 12 prosent.

Det er størst nedgang i søkjartala til grunnskulelærarutdanninga.

LES OGSÅ: Dette er dei mest populære studia

Vil ha krafttak mot lærarmangel

Arbeidarpartiet meiner regjeringa må bere delar av ansvaret for at søkjartala går ned i ei tid der lærarane har vorte trekte fram som samfunnskritiske i pandemien.

– Eg er glad for alle som ønskjer å bli lærar, men alarmklokkene ringjer når det for andre året på rad er færre som søkjar. Dessverre er eg ikkje overraska. Lærarar har stått i eit enormt arbeidspress, og det er tydeleg for alle at regjeringa ikkje har gitt skular og barnehagar nok ressursar til den viktige jobben dei gjer, seier Torstein Tvedt Solberg, som sit i Stortingets utdanningskomité for Ap.

Torstein Tvedt Solberg (Ap) stiller spørsmål til kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i ein munnleg spørjetime på Stortinget. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK

Han varslar at eit krafttak mot lærarmangel blir den viktigaste skulepolitiske saka for Arbeidarpartiet i valkampen i år.

Både Ap og SV peikar særleg på at dei vil reversere kravet til regjeringa om fire i matte for å komme inn på lærarutdanninga.

– Vi må tilsetje fleire lærarar, behalde fleire lærarar og rekruttere fleire lærarar. Derfor seier vi at avskiltinga må bort, fleire lærarar må tilsetjast, firarkravet i matte må erstattast og at ei tillitsreform må på plass, seier Solberg.

– Skandale

SVs utdanningspolitikar Mona Fagerås meiner firarkravet har hindra tusenvis av motiverte studentar frå å gå laus på lærarutdanninga.

– At motiverte elevar med høgt karaktersnitt blir nekta å bli lærarar på grunn av eit stupid mattekrav, er ikkje berre uforståelege, men svært alvorleg, seier Fagerås.

– Det er ein skandale av regjeringa å skrote lærardraumen for tusenvis av kompetente og motiverte studentar, medan norsk skule skrik etter fleire lærarar, seier ho. (©NPK)