CRPD på Stortinget: «Likestillingsministeren søv på jobb»

Marianne Knudsen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

9. mars er dagen Stortinget skal stemme over kor vidt funksjonshemma sin rettskonvensjon (CRPD) skal verte teken inn i norsk lov. Politikarane skal stemme over om menneskerettane mine og 700 000 andre menneske sine skal vere likestilte.

9. mars kan verte historisk, men fleirtalet i justiskomiteen har innstilt på å ikkje gje funksjonshemma dei same menneskerettane.

Likestillingsministeren søv på jobb

Ap, SV, Raudt og Sp er for. Høgre og Frp er begge mot. Venstre og KrF er for i sine partiprogram. Likevel har begge partia sagt at dei ikkje kjem til å stemme for.

Noreg har tidlegare fått sterk kritikk av FN for å ikkje ta funksjonshemma sine menneskerettar på alvor. Vi har no mogelegheita til å skrive historie. Men vår likestillingsminister søv på jobb.

Ikkje berre søv du på jobb, Abid Q. Raja, men du sender eit alvorleg signal om at mine og 15 prosent av befolkninga sine rettar ikkje er like viktige som alle sine menneskerettar. Og det gjer så innmari vondt i kvart fiber i kroppen. 

Abid Raja. Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet, Stortinget

Vi likar å tru at vi er best på likestilling. At alle får sine rettar innfridde og at ingen vert diskriminert. Men slik er det ikkje. Vi må alle fjerne skylappane våre. Men du er ikkje «alle» Abid Raja, du har eit stort ansvar. 

«Det er ikkje eigentlege menneskerettar,» sa Michael Tetzschner fra Høyre på Dagsnytt 18 førre veke. Han argumenterer for at rettane til funksjonshemma allereie er godt nok ivaretekne i lovverket.

Du og Michael, Raja, de forstår ikkje. 

De har ikkje kjent denne strukturelle diskrimineringa på kroppen, du har ikkje vorte nekta åtgang på flybussen eller på restrauranten, der du og kjærasten din skal ete middag. For deg er det ikkje kvardagskost å verte snakka over hovudet til, du har ikkje opplevd umyndiggjeringa, kjent på kjensla av å verte behandla som eit objekt, verte behandla som andrerangs.

Du kan kanskje ikkje heilt forstå. Men du kan lytte. Du kan velje å handle. Du kan endre historia.

Eit samfunn designa for å diskriminere

Å ta CRPD inn i norsk lov handlar ikkje om å gje funksjonshemma «andre menneskerettar», men å sikre at også funksjonshemma får følgt opp dei menneskerettane som alle har. Det er ikkje realiteten i dag. 

80 prosent av Noregs grunnskular er ikkje tilgjengelege.

105 000 funksjonshemma kan og vil jobbe, men får ikkje jobb.

13 prosent av offentlege bygg har tilgjengeleg inngangsparti.

1 av 3 funksjonshemma opplever hatefulle ytringar.

Likevel har mange vanskar med å ta innover seg at funksjonshemma vert diskriminerte.

Anerkjenninga av at vår kamp er ein menneskerettskamp er ikkje noko ein kan ta som ei sjølvfølgje. Vi heng endå igjen i velgjerdstankegangen. Mykje av lovene vi har i Noreg som omhandlar funksjonshemma i dag har eit grunnlag som er bygd på eit helse- og omsorgsperspektiv. Difor er det å ta inn CRPD i lovene så prinsipielt viktig. Fordi vi må skifte fokus. Det er så grunnleggjande, men samstundes så avgjerande.

Vi har laga eit samfunn som ikkje passar. Vi lever i eit samfunn som er designa for å diskriminere. Difor må vi fortolke lovene annleis. Vi må tolke og bruke lovene frå eit ikkje-diskrimineringsperspektiv og ikkje eit helse- og omsorgsperspektiv. 

4 stemmer unna

Hannah Lunden saksøkte staten i 2019 for at ho ikkje fekk BPA-timar til å kunne leve eit aktivt og sjølvstendig liv. Ho var 19 år og måtte sitje i ein rettsal med menneske som argumenterte om det var helsemessig forsvarleg eller ikkje at Hannah kunne liggje i sitt eige tiss på natta.

Hannah tapte rettsaka.

Hadde CRPD vorte teken inn i lova så er eg ganske sikker på at debatten hadde vore ein annan. Nettopp fordi det hadde vore ein heilt annan diskusjon i botn. Ein diskusjon om fridom, sjølvstende og menneskerettar.

CRPD har vorte nedstemt av Stortinget to gongar før. Sist gong var det 8 for 90 imot. Denne gongen manglar vi 4 stemmer. 

Vi er inne i eit skifte, men vi er framleis langt frå å vere i mål.

Vi treng eit lovverk som ikkje er bygd på feila i individa, men som ser korleis vi må endre strukturane, fordi ein skal ikkje kunne rettferdiggjere diskriminering basert på kroppen og biologien til nokon. Det handlar om korleis vi byggjer samfunnet vårt. Korleis samfunnsskapte barrierar skapar eit samfunn der ikkje alle er likestilte.

Funksjonshemma sin likestillingskamp heng endå så langt bak, men dette er eit nødvendig steg i rett retning. Kampen handlar om folk, han er personleg, han er tung å stå i, han burde ikkje vore nødvendig, men det er han.

Det er viktig.

Det er ikkje for seint å snu

I 2017 sa noverande Venstre-statsråd Iselin Nybø frå Stortinget sin talarstol:

«Innlemming av CRPD vil vere eit viktig steg for å styrke rettane til ei lita, men utsett gruppe, og vi støttar difor forslaget.»

Abid, har du gløymt dette?

Abid, har du gløymt at du òg er vår likestillingsminister?

Kom igjen, Venstre, det er ikkje for seint å snu.


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!

NHFU Trøndelag-leiar Martine Eliasson meiner det er på høg tid samfunnet kastar dei diskriminerande haldningane sine, og anerkjenner likestillingskampen til funksjonshemma. Foto: Privat