LNU føreslår å be partia vurdere alderskvotering på vallistene

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette handlar ikkje om partipolitikk, men partiorganisasjonane og partidemokratiet har noko å seie for resten av oss, seier styreleiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Isa Maline Isene.

I dag skal Barne- og ungdomstinget stemma over om organisasjonen vil be dei politiske partia gå inn for alderskvotering på listene sine.

Senterungdommen: – Latterleg forslag

– Eg synest det er eit frykteleg latterleg forslag, seier senterungungdomsleiar Torleik Svelle.

Han peiker på at unge ofte stemmer på unge kandidatar, og at partia som satsar ungt difor vil vinne unge veljarar.

På Senterungdommen sitt landsmøte 8-10 november vart 23-åringen Torleik Svelle valt til ny leiar. Pressefoto.

Senterungdomsleiar Torleik Svelle meiner alderskvotering ikkje vil hjelpa unge kandidatar. Pressefoto.

– Eg er kjemperedd for at ei type kvoteringsgreie vil gjere det vanskelegare for unge å bli med i politikken. Eg vil ikkje at senterungdommar skal behandlast annleis enn andre, me er akkurat som alle andre, me har berre hatt litt færre bursdagar, seier Svelle.

Han fryktar at alderskvotering kan føra til at unge vert til pynt, og vil heller spele ballen over til ungdomspartia, som må drive skulering, løfte profilar og hjelpe dei i politiske prosessar slik at dei får gode verkty til å verte folkevalde.

– Me kan få så mange som fem, kanskje seks, unge stortingskandidatar. Dei står ikkje på listene fordi dei er kvotert inn for å vere unge og hippe, men fordi dei er flinkare enn dei gamle som stod der før, understrekar Svelle.

– Unge er systematisk underrepresenterte

Isene i LNU viser til ein rapport frå 2018 som viser at det i inneverande stortingsperiode er 13,6 prosent av kandidatane som er under 30 år. Noreg kjem aller best ut og har eitt av verdas yngste parlament.

Alle dei politiske ungdomspartia i Noreg er medlemmar av LNU. Dei er ein paraplyorganisasjon for barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg og jobbar hovudsakleg med demokrati og frivilligheit.

Forslaget er inspirert av eit liknande tiltak hjå det politiske partiet Socialdemokratarna i Sverige.

– Me tenkjer at alderskvotering kan vere lurt fordi unge er systematisk underrepresenterte blant dei folkevalde samstundes som det er me unge som skal leve lengst med konsekvensane av det som vert vedteke, understrekar Isene.

Isene peikar vidare på at eldre kandidatar ofte vert prioritert på bakgrunn av erfaringskortet, men at dei manglar kunnskap om korleis det er å vere ung i Noreg i dag.

Unge Høgre: – Direkte antidemokratisk

– Dei har lite tillit til unge om dei trur staten må inn og redde dei.

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby er sterkt kritisk til LNU sitt forslag om at partia bør vurdere å alderskvotere på listene sine for å sikra ung representasjon.

Ola Svenneby frå Våler er leiar i Unge Høgre. Foto: Unge Høyres Landsforbund

– Det er direkte antidemokratisk fordi du tvinger eit parti til å gjere det du vil dei skal gjere, seier Svenneby.

Han peiker på at unge stemmer på unge, og meiner at det er synd for dei partia som går glipp av unge veljarar ved å ikkje inkludere unge kandidatar på listene.

Unge Høgre-leiaren meiner ikkje kvotering er vegen å gå og løfter heller innsatsen frå ungdomspartia i å fremma sine kandidatar.

– Me i Unge Høgre driv alltid ein parallell valkamp der me løftar våre kandidatar. Me bistår dei slik at dei kan få ut informasjon om kva plass dei står på. Om dei ikkje kjem inn, så er det ofte dei som klatrar lengst på listene, understrekar han.

– Noreg treng fleire unge folkevalde, og det er bra at LNU utfordrar partia, meiner Synnøve Kronen Snyen i Sosialistisk Ungdom. Foto: Presse

SU: – Bra at LNU utfordrar partia

Leiar i Sosialistisk Ungdom Synnøve Kronen Snyen reagerer på utsegnene frå Senterungdommen og Unge Høgre, som kallar forslaget «antidemokratisk» og «latterleg».

– Det som er antidemokratisk er at kvite menn over 50 er overrepresentert i demokratiet, seier ho på telefon til Framtida.no.

SU gler seg over at LNU utfordrar partia på denne måten, og vil stemme for forslaget.

– Det er eit enormt demokratisk problem at ungdom ikkje kjem høgt nok på listene. Ein går glipp av viktige folk med ulik erfaring. Me treng eit demokrati der alle er godt representert. Det gjeld òg unge, seier Snyen.

– Kvotering er eit verkty

Ho peikar på at politikk har stor betydning i unge menneske sine liv gjennom tenestene dei brukar dagleg, og at det difor er viktig at unge ikkje berre vert høyrt, men òg får reell påverknadskraft.

Snyen er ikkje redd for at alderskvotering kan føra til at unge vert det Svelle kallar listepynt.

– Kvotering er eit verkty for å sikre at grupper med mindre makt får den plassen dei fortener. Kvotering handlar om å utjamne forskjellar, understrekar SU-leiaren.

Framtida.no var i kontakt med LNU-leiar Isene etter å ha snakka med Unge Høgre. Ho understreka då at LNU er ein paraplyorganisasjon som òg femnar Unge Høgre. Ho meiner soleis at det er eit viktig innspel frå ungdomspartiet, men er ueinig i at det er antidemokratisk.

– Så lenge dei har tillit frå nominasjonsmøte er dei valt basert på ein prosess, der ein allereie legg nokre kriterium til grunn. Det handlar ikkje om lite tillit, men om å syte for god representasjon.


20 år gamle Camilla Maria Brekke frå Holmestrand er 3. kandidat for Arbeidarpartiet i Vestfold og kan verta tidenes yngste stortingsrepresentant. Foto: Arbeidarpartiet