Generasjon Utøya kåra til beste norske dokumentarfilm
Filmen stakk av med sigeren i det norske konkurranseprogrammet under filmfestivalen Human.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Sjeldan har me sett ein meir nødvendig film, med så sterke, sårbare og imponerande hovudpersonar, skriv juryen i si grunngjeving.
I helga gjekk ein digital versjon av Human internasjonale filmfestival av stabelen.
Dokumentarfilmen Generasjon Utøya regissert av Aslaug Holm og Sigve Endresen vann kategorien for beste norske dokumentarfilm.

Varaordførar i Oslo Kamzy Gunaratnam bidreg i filmen «Generasjon Utøya». Foto: Fenris Film
Fire unge kvinner fortel
I filmen fortel fire AUF-arar som overlevde terroren på Utøya om dei traumatiske opplevingane og kampen vidare.
Kvinnene som fortel er tidlegare AUF-leiar Ina Libak, varaordførar i Oslo Kamzy Gunaratnam, Line Hoem og Renate Tårnes.
Juryen meiner vinnarfilmen fangar tida me lever i og balanserer hårfint mellom smerte og håp. Filmen får ros for det visuelle utrykket, samt at han tek opp viktige tema i samtidsdebatten utan å vera bombastisk.
– Han viser tydeleg konsekvensane av hatefulle ytringar, og at kampen mot høgreekstremismen i Noreg ikkje er vunnen. Kvart ord tel. Me kan ikkje ta demokratiet for gitt, avsluttar juryen.
Filmen Alt det jeg er av Tone Grøttjord-Glenne, der 18 år gamle Emilie fortel om ein barndom med overgrep, fekk heidarleg omtale i same kategori.
Les også filmmelding av Greta: Held fokus, sjølv om det er heseblesande