«Eg trudde at eg i løpet av denne tida kom til å finna ut kva eg ville gjera med livet»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Snart vert mange elevar uteksaminert frå vidaregåande, og mange er klare for å søka skuleplass til vidare utdanning.

Sjølv visste eg ikkje kva eg ville gjera etter eg slutta på vidaregåande i fjor, så difor tok eg eit friår. Medan venane mine reiste til Trondheim for å gå på integrert master, sat eg att heime på jenterommet i pandemien. I staden for å studera, brukte eg mellom anna året på å arbeida som frilansskribent, og på å skaffa meg arbeidserfaring.

Eg trudde at eg i løpet av denne tida kom til å finna ut kva eg ville gjera med livet, og ikkje minst kva eg ville studera. Eitt år seinare, og framleis veit eg ikkje så mykje meir enn eg gjorde i fjor.

Mykje å velja i

For å planlegga framtida, er det viktig å tenka over kva som interesserer deg. Kva brenn du for, og kva ynskjer du å gjera i arbeidslivet?

Jobben du får i framtida kjem til å ta mykje tid ut av kvardagen din, og difor er det greitt at du får driva med noko du likar. Dersom du er som meg og likar alt mogleg, kan det hende du óg slit ein del med å bestemma deg.

Eg tykkjer at alt frå økonomi og koding til turguide og medisin verkar kjekt å driva med.

Eg tykkjer at alt frå økonomi og koding til turguide og medisin verkar kjekt å driva med. For min del er likevel det absolutt viktigaste at eg har ein jobb eg kan gjera overalt, helst via internett, slik at eg ikkje treng å ha eit fast kontor å gå til kvar dag.

Fordi eg ikkje veit kvar eg vil bu, og ynskjer å oppleva nye kulturar, er det greitt å ha moglegheita til å prøva ut mykje forskjellig. Draumejobben akkurat no er å bli thailandsbasert journalist for Nettavisen, slik som Stig Martin Solberg, men i morgon kan det vera noko heilt anna.

Kvar skal eg studera?

Eit anna spørsmål å vurdera er kvar du skal gå på skule? For nokon er svaret enkelt, medan det for andre ikkje er det.

Kanskje du ikkje ynskjer å vera så langt vekke frå dei du er glad i, og difor vil studera i nærleiken av der dei er. Eller kanskje du er heilt motsett, og ynskjer å reisa så langt vekk som mogleg til ein stad du ikkje kjenner nokon frå før. Diverre har ein jo berre eitt liv, og må difor ta eit val på dette.

Sjølv har eg vurdert alt frå Tromsø til Korea, men eg har framleis ikkje bestemt meg. Det er altfor vanskeleg, og sidan eg enno ikkje veit 100 prosent kva eg vil studera, gidd eg ikkje byrja på ein omfattande og tidkrevjande søknadsprosess.

Når landet endeleg opnar opp att veit eg uansett at eg kjem til å reisa mykje rundt, så difor har eg bestemt meg for å byrja på eit nettstudium no i fyrste omgang. Meir eksakt, ein bachelor i informasjonsbehandling hos NTNU. Så får me sjå kva som skjer etter eg har byrja!

Det freistar uansett lite å betala sjuke summar i året på til dømes Noroff eller BI, så difor er dei nettbaserte alternativa på Samordna Opptak meir appellerande for min del.

Det viktige fyrstevalet

Inne på Samordna opptak, den offentlege søkemotoren for vidare utdanning i Noreg, gjev dei deg 10 kolonnar der du kan fylla inn dei studia du vil søka på. Når svaret kjem 20. juli får ein derimot berre tilbod om plass på eitt av dei. Difor er det studiet du tek på fyrste plass, på mange måtar å sjå på som det viktigaste.

Eit godt tips er at dersom karaktersnittet ditt er i nærleiken, men likevel ikkje høgt nok til å koma inn på draumestudiet med opptakskrava frå i fjor, bør du jamvel søka. På mange studium varierer snittet noko frå år til år, og kanskje går det akkurat nok ned i år til at du kjem inn.

Eg kom ikkje inn på mitt fyrsteval i fjor, og sjølv om eg kjem inn i år, freistar ikkje det studiet meg lenger. Mange har forandra seg i løpet av pandemien, meg sjølv inkludert, og kanskje vil du ikkje lenger det same som du gjorde i fjor.

Aldri for seint

Uansett kva andre seier, er det aldri for seint å snu. Kjenner du fyrste veka på NHH at du ikkje bryr deg om økonomi i det heile, må du for all del ikkje tvinga deg gjennom heile løpet. Kanskje har du fullført ei utdanning, og kjenner at det ikkje vart heilt rett likevel, eller kanskje eit friår blir til ti før du finn ut at du vil studera.

Uansett så er ein aldri for gammal til å prøva noko nytt. Lukke til med valet, og hugs at det alltid kan endrast!


Les til dømes om kvardagen som optikar: – Utdanninga kan vere tøff, men det viktigaste er ikkje å få dei beste karakterane, men å fullføra, fortel Mats (31)

I 2018 starta Mats Marken Jacobsen (31) Lund Optikk. Foto: Privat