Yrket mitt: Mats (31) er optikar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Utdanninga kan vere tøff, men det viktigaste er ikkje å få dei beste karakterane, men å fullføra.

Det skriv optikar Mats Marken Jacobsen i ein e-post til Framtida.no.

Godt førsteinntrykk

31-åringen var lenge usikker på kva han ville bli og var mellom anna innom arkitekt. Det var svogeren hans, som hadde kjent han sidan han var liten, som føreslo optikar.

– Eg sjekka det ut litt nærare, drog innom ei optikarforretning i Kristiansand og forhøyrte meg om yrket. Eg fekk eit veldig godt inntrykk av både faget og kvardagen til ein optikar, og bestemte meg for å ta utdanninga.

Jacobsen understrekar at det er gode jobbmoglegheiter der ute, då det berre er ein skule i Noreg som utdannar optikarar, nemleg Kongsberg-avdelinga til Universitetet i Søraust-Noreg.

Optikar Mats Marken Jacobsen jobbar både med pasientkontakt og fysisk tilpassing, montering og reparasjon av briller. Foto: Privat

Augesjukdommar og brilledesign

31-åringen skildrar kvardagen til ein optikar som ei perfekt blanding av pasientkontakt, sal, design og verkstedsarbeid. Det er synsundersøkingar, tilpassing av kontaktlinser, montering og reparasjon av briller, men også marknadsføring, sal og butikkdrift.

– Det er eit meningsfylt yrke kor ein avdekkjer alvorlege augesjukdommar, gjer synskvardagen til folk betre og bidreg til fornying med godt brilledesign.

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Ja og nei. Utanninga er veldig praktisk retta, og gir eit godt grunnlag, men eg for min del måtte ut i jobb for å verkeleg få grep om faget. Det gjeld sikkert dei fleste utdanningar, men det var ein hel del brikkar som fall på plass først då eg starta i jobb, forklarar Jacobsen.

31-åringen meiner erfaring er det som skal til for å bli ein god optiker og sette pris på at hans første sjef og kollegaar bidrog til han raskt fekk fagleg tryggleik.

Mats Marken Jacobsen er ikkje sjølv avhengig av briller eller linser, men går gjerne med briller for å vera ein levande reklameplakat. Foto: Privat

Driv eigen forretning

Jacobsen merkar at jobben er fulltreffar fordi han aldri gjekk lei av å gå på jobb som tilsett optikar. Når han no eig og driv si eigen optikarforretning, er det ekstra gjevande.

– Det beste med jobben i mitt tilfelle, er at eg får drive med ting jeg er god på. I tillegg til det faglege inneheld kvardagen min ein god dose kreativitet og spontanitet – det er veldig gøy. Eg har også ein flott kollega som bidreg til god drift og trivsel.

– Kva er det mest utfordrande?

– Det kan vere utfordrande å drive med augehelse. Augesjukdommar kan vere svært alvorlege, og det gjeld å undersøke grundig og vise vidare til augelege ved behov. Godt klinisk utstyr og fagleg erfaring er viktig her, og eg viser vidare til augelege helst ein gang for mykje enn ein gang for lite.

Under korona-tida opplevde han som mange andre lite aktivitet og permisjon av tilsette.

– Det var ein veldig spesiell periode, men det føltest trygt å vete at omlag heile Noreg sat i same båt – i verdas beste land, skriv 31-åringen.

Optikaren brukte tida på å planleggje gjenopning og skreiv ned alle som kontakta forretninga, slik at timeboka fort vart full i fleire veker då dei endeleg kunne dørene opne att.

Mats Marken Jacobsen drøymer om sitt eige brilledesign. Foto: Privat

Drøymer om eige brilledesign

Jacobsen kjenner ikkje til utbreidde misoppfatningar om yrket, men opplever stadig at han må undervise kundane om korleis briller fungerer og korleis augo utviklar seg gjennom livet.

Han meiner yrket passar for dei som er glade i sal og pasientkontakt og peikar på at resten kan lærast.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Her har eg fleire artige historiar, men eg har også teieplikt. Det er jo alltid litt spesielt når eg finn høge styrkar, og set på dei briller for første gang.

– Kva draumar har du for framtida?

– Eg drøymer om eige brilledesign, noko eg forøvrig er godt i gang med å planleggja.

På biletet til venstre skiftar flyteknikar Aleksandra Fjuk hovudhjul. Til høgre lekkasjetestar ho etter ferdig arbeid. Foto: Privat

Mats Marken Jacobsen

Alder: 31

Frå: Kristiansand

Yrke: Optikar

Utdanning: Bachelor i optometri