– Interesser er viktigast for studie- og yrkesval

Celine Angelvik (17) og Elise Hobrad Naasen (17) har undersøkt kva som påverka utdannings- og yrkesval før og no.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei to 17-åringane tar sosiologi og sosialantropologi på Bømlo vidaregåande, og har jobba i to månader med ei oppgåve der dei har undersøkt med både medelevar og eldre folk om kva som påverka utdannings- og yrkesval.

– Før var det vanlegare å høyra på foreldra. I dag er det vanlegare at det er eigne interesser som har mest å seia, seier Celine Angelvik.

15. april er fristen for å søkja utdanning på høgskular og universitet. Sjå kva utdanningar ekspertane rådar unge til å velja!

Celine Angelvik (17) og Elise Hobrad Naasen (17) har forska gjennom prosjektet Holbergprisen i skolen. Foto: Svein Olav B. Langåker

Nektar for påverknad frå foreldra

Mange ungdommar nektar for at foreldra påverkar utdanningsvalet deira.

– Det kan vera at dagens ungdom prøver å seia at dei er meir sjølvstendige enn besteforeldra, seier Angelvik. Sjølv er ho usikker på dei eigentleg er det.

Nokre ungdommar svarar at dei valde den vidaregåande utdanninga dei går på, fordi broren eller søstera gjekk der og likte seg. Kor vennene har tenkt å gå, har òg mykje å seia.

Flest er det likevel som seier at dei vel sjølv.

– Kva utdanning ein vel, er viktig for samfunnet. Det påverkar òg sosial mobilitet og rettferda i samfunnet – og korleis samfunnet kan planlegga for framtida, understrekar Angelvik.

Les kommentaren til Karen Helset som skreiv Noregs beste norskeksamen: «Følg hjartet, bruk hovudet, ta den tida du treng!»

Foreldra påverkar likevel

Celine Angelvik er usikker på kva ho sjølv skal studera enno, og synest derfor det var trygt å velja studiespesialisering.

– På ungdomsskulen sa læraren vår at me burde tenka oss om kva me ville bli. Eg hadde lenge tenkt at eg ville bli lærar, men byrja då å tenka på om det var det eg verkeleg ville. Mor mi er barnehagelærar. Men eg tenker fortsatt på å bli lærar.

Elise Hobrad Naasen vil gå på universitetet og studera språk.

– Eg har alltid visst at eg vil studera språk. Mor mi er frå Korea, og eg har lyst til å studera koreansk, avsluttar ho. Universitetet i Oslo er det einaste universitet i Noreg som underviser i koreansk.

Les også: Koreansk har verdas enklaste alfabet

Portrett av kong Sejong på 10 000-lappen.