Politikk og samfunn

«KrFU pissar på alle dei kvinnene i Noreg som sårt treng likestilling»

Likestillinga har openbert ikkje gått for langt når kvinner framleis ikkje kan vere trygge mot vald og overgrep, og blir valde bort i næringslivet, skriv Frøya Skjold Sjursæther i MDG.

Frøya Skjold Sjursæther (19)
Stortingsrepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Teksta vart først publisert som eit innlegg på Facebook, og er omsett til nynorsk av redaksjonen med løyve.

KrFU representerer ikkje jenter flest.

Eg er 19 år, eg kjenner hundrevis av jenter på min alder, og eg kan hermed stadfeste at dei aller fleste unge kvinner ønsker seg meir likestilling – og det endrar seg ikkje fordi éin KrFU-leiar måtte meine noko anna.

Ei farleg forenkling

KrFU vil reversere den mest effektive likestillingspolitikken vi har – og meiner at Noreg bør lære av amerikanske «tradwife»-trendar.

I løpet av denne valkampen har eg diskutert likestilling mot Ingrid Olina Hovland fleire gonger, og ho har både argumentert for at feminismen har gått for langt og at kvinner er fullt likestilte i Noreg.

Det er ikkje berre dumt. Det er også ei farleg forenkling!

Vi er ikkje ferdige

Eg er for ung til å ha opplevd kvinnerørslas arbeid i sanntid. Eg er likevel gamal nok til å ha nytt godt av fridomen som kvinnerørsla har kjempa fram.

Til Valgerd Svarstad Haugland og alle andre kvinner som har arbeidd for rettane våre, takkar eg. Men vi er ikkje ferdige!

Menn tener meir enn kvinner, dominerer leiarstillingar i næringslivet og eig over 80 prosent av aksjeverdiane på Oslo Børs.

Enda meir alvorleg, 1 av 5 kvinner i Noreg har blitt valdtatt. 1 av 10 kvinner i Noreg har blitt utsett for partnarvald. 8 av 10 offer for partnardrap er kvinner.

Statistisk sett er den farlegaste staden ei kvinne kan opphalde seg, i sin eigen heim med personen dei elskar aller høgast.

Det er jo for pokker dette vi må bruke tid på å diskutere, og ikkje om likestillinga har gått for langt?! (noko den openbert ikkje har)

Pissar på kvinnene

Viss vi følgjer KrFU og får fleire «tradwives», kan vi berre rekne med at fleire kvinner blir tvinga til å bli verande i valdelege forhold fordi dei ikkje har økonomisk fridom til å dra.

KrFU pissar på alle dei kvinnene i Noreg som sårt treng likestilling – i heimen og på arbeidsplassen.

Hovland argumenterer for at ho vil skrote kvoteringa, fordi ho vil konkurrere på like vilkår som menn i arbeidslivet. Men, kvotering betyr jo nettopp å konkurrere på like vilkår!

Kvotering vil aldri putte underkvalifiserte kvinner i leiarstillingar. Kvotering gjer heller at overkvalifiserte kvinner har litt lågare sannsyn for å bli valde bort til fordel for ein mann.

Tredelinga av foreldrepermisjonen sikrar at både mor og far kan knyte tett kontakt med barn frå tidleg alder. Eg er einig i at foreldrepermisjonen må utvidast slik at mor får meir tid med barn, men løysinga er ikkje å fjerne tredelinga.

Openbert ikkje gått for langt

Likestillinga har openbert ikkje gått for langt når kvinner framleis ikkje kan vere trygge mot vald og overgrep, og blir valde bort i næringslivet på grunn av kjønnet.

Forresten: KrFU snakkar mykje om «venstresidas moralske peikefinger» for tida. Viss KrFU plutseleg vil snakke om moralsk peikefinger, kan vi gjerne snakke om den som KrF i all tid har retta mot kvinner som tar abort, homofile, transpersonar eller folk som slit med rusavhengnad…