«YOLO, tenkte eg, medan eg trykte «Nei takk» til skuleplass»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

2020 har hittil vore eit år utan like.

Med koronapandemien kom også mange nye reglar for smittevern, som blant anna førte til at eksamen vart avlyst. Dette har resultert i blanda kjensler blant avgangselevane i den vidaregåande skulen. For mange plar avsluttande eksamenar å vekta ganske mykje på karaktersnittet ein går ut med, og i år fekk mange difor eit høgare snitt enn det som vart forventa. Dette gjorde at fleire diverre ikkje kom inn på den linja dei ynskja, og har resultert i at dei mistrivast på studiet.

Avslag på TikTok

Som flittig TikTok-brukar har eg fått med meg dei triste videoane i feeden, fulle med avslag frå Samordna Opptak. Du visste kanskje at du ikkje kom inn på psykologi på NTNU i Trondheim, men nederlaget kom som eit slag i trynet likevel.

Okei, så kom du ikkje inn på draumestudiet. Kanskje du kom inn på eit kjipt femteval, på ei linje du framleis eigentleg ikkje veit kva går ut på, og no sit att med ein klump i magen.

Kor lenge bør ein eigentleg «vente og sjå»?

YOLO

Kanskje du rett og slett ikkje fekk den pangstarten du ville ha, og at studiet ditt eigentleg passar deg heilt perfekt. Men kor lenge bør ein eigentleg «vente og sjå»? For all del, ikkje lid deg gjennom dei neste åra. Det er ikkje for seint å angra seg! Hatar du studiet ditt, er det etter mi meining berre ein ting å gjere. Bytt studie, då!

Yolo, tenkte eg, medan eg trykte «Nei takk» til skuleplass til hausten. Ein lever trass alt berre ein gong!

Det er ikkje farleg å ta seg eit år utan skule. Mange vel å nytta denne tida til å gå på folkehøgskule, eller å reisa på tur.

No for tida vert reiser utanlands vanskeleg å få til, så i år er det kanskje meir aktuelt å arbeida, eller utforska resten av landet me bur i. Kanskje du finn ut at Oslo Met ikkje er tingen for deg, og at UiT er betre? Eller kanskje du, etter fleire år i tankeboksen, finn ut at Chulalongkorn i Thailand er der du er meint å vera? Det er berre ein måte å finna det ut på!

Kven bryr seg om at eg kanskje vert litt eldre enn mine klassekameratar den dagen eg finn ut kva eg vil studera.

Aldri for gamal!

All ære til dei som har vald å gå rett frå vidaregåande og over på studiar. De fortener ein klapp på skuldra! Sjølv orka eg som nemnd ikkje det, og har no byrja på mitt fyrste friår.

Kven bryr seg om at eg kanskje vert litt eldre enn mine klassekameratar den dagen eg finn ut kva eg vil studera. Ein må gjera ting i sitt eige tempo – er du ikkje heilt klar for å studera enno, kan det vera betre å venta litt før ein hoppar i det.

Berre hugs at det ikkje finst ein fasit – alt er like greit!

Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!

Kristine Medhaug Grønn skammar seg over å skamme seg over at ho er skeiv. Foto: Privat / illustrasjon: Linn Isabel Eielsen