Raud Ungdom jublar for forslag om merking av retusjert reklame

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi tek kroppspress på alvor. Forslaget om plikt til å merkje retusjert reklame er eit ledd i regjeringa sitt arbeid mot kropps- og utsjåandepress.

Det seier forbrukarminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) i ei pressemelding frå regjeringa.

Retusjert marknadsføring

I dag la regjeringa fram eit forslag om endring i marknadsføringslova med krav om merking av retusjert reklame.

KrFU-leiar Edel-Marie Haukland trur merkinga vil bidra til ei bevisstgjering i industrien.

– Kroppspress er eit strukturelt problem, nokre tener seg steinrike på at andre opplever at dei mislikar seg sjølv og slik dei ser ut. Eg håpar at sjølv om dette berre vil gjelda reklame, vil det likevel bevisstgjere rundt influencarar og industrien som står bak, seier ho til MinMote, som først omtala saka.

KrFU-leiar Edel-Marie Haukland trur merking av retusjert reklame vil føra til ei bevisstgjering av industrien. Pressefoto: KrFU

Forslaget inneber at ein må merkja reklame der kroppsfasong, kroppsstorleik eller hud er endra ved retusjering eller anna manipulering.

Om lovendringa vert vedteken må annonsørane merkje retusjering både i reklamebilete og reklamefilmar, òg dersom det er endringar som er gjort ved til dømes Snapchat-filter.

– Eit fantastisk steg i riktig retning!

Retusjert reklame har lenge vore ei felles kampsak for dei norske ungdomspartia, som i 2018 kunne jubla då fleirtalet i Stortinget stemte for å endre marknadsføringslova for å motarbeide kroppspress mot barn og unge.

Raud Ungdom-leiar Alberte T. Bekkhus. Pressefoto

Leiar i Raud Ungdom, Alberte Tennøe, jublar no over forslaget frå regjeringa.

– Dette er eit fantastisk steg i riktig retning! Merking av retusjert reklame er noko RU har jobba med i rundt 20 år, og no blir det endeleg gjennomslag, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

– Dette er kjempeviktig for unge menneske si psykiske helse, spesielt i ei tid der vi er omgitt av reklamar og photoshop på alle kantar. Det er ikkje lenger berre HM-reklamen i butikkvindauga, det er alle reklamane på sosiale medium, Instagram, Facebook, og så bortetter.

Vurderer kroppspress

Det er Ropstad sitt departement, Barne- og familiedepartementet, som vil sørgja for at det blir laga eit standardisert merke som enkelt forklarar at utsjåanden til personen er endra.

Forbrukartilsynet skal handheve lovendringa med Marknadsrådet som klageinstans. Brot på reglane vil føre til tvangsmulkt, som er eit dagleg gebyr inntil bedrifta rettar opp i merkinga.

– Forslaget inneber òg at krava til marknadsføring retta mot barn blir strengare, fordi det skal vurderast om marknadsføringa bidreg til kroppspress, forklarar Ropstad i pressemeldinga.

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad har òg tittelen forbrukarminister. Foto: Astrid Waller/Regjeringa

Påverkar vil ha strengare tiltak

Meldeplikta gjeld òg påverkarar når desse viser retusjerte bilete av seg sjølve mens dei reklamerer for ei vare eller teneste.

Påverkar Janka Polliani har tidlegare teke eit oppgjer med skjønnheitsfilter og seier til MinMote at lova òg burde gjelde innlegg som ikkje er reklame.

– Viss det skal kome ei ny retusjeringslov bør dette gjelde heile fjøla, ikkje berre reklame. Det er 2021 og det er heilt klart på tide at regjeringa tek dette på alvor og gjer noko med det på ordentleg, ikkje berre halvvegs, seier ho til nettstaden.


Leiar i Press – Redd Barna Ungdom, Lea Mariero, meiner dgleg leiar i Sophie Elise AS, Sophie Elise Isachsen, bør kunne svara på kritikken om unødig kroppsfokus og seksualisert reklame. Foto: Press, Andrea Rygg Nøttveit