Barn får store mengder kroppsfokusert reklame på nett

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medietilsynet presenterer tysdag undersøkinga «Barn og medier 2020», der rundt 3.400 9- til 18-åringar frå 51 skular frå alle fylka i landet har delteke. Deltakarane deler opplevingar frå nett og mobil, dataspel og sosiale medium.

Svara viser at barn heilt ned i 9-årsalderen blir utsette for store mengder reklame.

Mari Velsand er direktør i Medietilsynet. Foto: Medietilsynet/ Thomas Ekström

Minst halvparten av 13- til 18-åringane har fått nettreklame for produkt som skal sørgje for vekttap eller gi større musklar, medan kvar fjerde i den yngre gruppa har opplevd det same.

– Vi fryktar at eit slikt reklametrykk mot så små barn bidreg til auka kroppspress. Dei store plattformene må ta grep for å redusere denne typen marknadsføring mot dei unge, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet til NTB.

Vil stramme reglane

I undersøkinga har respondentane vorte testa for å sjå om dei skjønar kva som er reklame og kva som ikkje er det, ved at dei har bedømt ei rekkje bilete.

For alle bilete i testen aukar delen som har kryssa av riktig, med alder. Det gjeld både for forståinga av kva som er reklame, og kva som ikkje er det.

I tillegg til kroppspress har nesten halvparten av 9- til 12-åringane opplevd reklame for pengespel eller gambling, medan sju av ti 13- til 18-åringar har fått det same.

Bente Øverli er fungerande direktør i Forbrukartilsynet. Foto: Kimm Saatvedt/Forbrukartilsynet

12 og 18 prosent i dei to aldersgruppene har opplevd å få reklame på nett for alkohol.

No etterlyser Medietilsynet og Forbrukartilsynet eit regelverk som gir forbrukarane betre vern.

– Dagens regelverk på dette området er uoversiktleg og unødvendig komplisert, noko som kan svekkje forbrukarvernet, seier fungerande direktør Bente Øverli i Forbrukartilsynet.

Jobbar med saka

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) seier regjeringa er i gang med eit lovforslag om å endre marknadsføringslova for å motverke kroppspress.

– Der foreslår vi mellom anna ei plikt for annonsørar til å merke reklame der kroppen til personen i reklamen er endra ved retusjering. Å merke retusjert reklame kan bidra til at barn og unge sluttar å samanlikne seg med konstruerte venleiksideal, og dermed blir tryggare og meir fornøgd med seg sjølv, seier Ropstad.

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF). Foto: Astrid Waller/Regjeringa

Medietilsynet og Forbrukartilsynet støttar forslaget. Forbrukartilsynet ønskjer òg at regelverket for marknadsføring av venleiksbehandlingar og -produkt får ei overhaling.

Foreldre, barn og ungdom som blir utsette for reklame som kan bidra til kroppspress, blir oppmoda til å kontakte Forbrukartilsynet eller Fagutvalget for influensermarkedsføring (FIM).

Synest det blir mykje

Dei eldre deltakarane er spurde om kva dei synest om reklame i sosiale medium. Heile sju av ti blant 13- til 18-åringane som er på sosiale medium, synest dei får for mykje reklame.

Av alle dei spurde 9- til 18-åringane som har fått reklame for produkt som skal gi større musklar eller verke slankande, svarer rundt seks av ti at dei ikkje brydde seg noko om det. 25 og 30 prosent svarte at dei ikkje likte å få denne reklamen på skjermen, medan berre 1 av 20 likte det.

Sjølv om det ikkje er forbode å marknadsføre mot barn og unge, må næringsdrivande følgje reglane i marknadsføringslova, som blir tolka strengare dersom reklamen rettar seg mot barn, eller kan sjåast eller høyrast av barn. Det blir mellom anna lagt vekt på om marknadsføringa spelar på sosial uvisse, dårleg samvit eller dårleg sjølvtillit.

– Marknadsføringa er ofte ulovleg dersom det gjeld ei behandling som gir varig eller langvarig endring av utsjånaden, om han rettar seg direkte mot mindreårige, eller om det blir arrangert konkurransar for venleiksbehandlingar eller blir delt ut rabattkodar og liknande. Direkte kjøpsoppmodingar retta mot barn og unge er forbode, påpeikar Medietilsynet.

Frå venstre:Wilde Siem (@Happykropp), Carina Carlsen (@Fetmenfattet), Sonja Iren Ebbesen Johnsen (@sonja.iren) og Nastaran Marie Kowkabi (@Nastaranmarie) er alle profilerte kroppspositivistar. Foto: Instagram