Denne filmen er skriven av kunstig intelligens
Filmstudentane Jacob Vaus og Eli Weiss regisserer kortfilmar skrivne av kunstig intelligens.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Uansett kva AI-en skriv er det framleis ei avgrensing. Eit menneske må tolka det.
Det seier den amerikanske filmstudenten Jacob Vaus til nettstaden Vice.
Saman med Eli Weiss produserer Jacob Vaus filmar til Youtubekanalen Calamity AI.
Filmane er regissert og produsert av menneske, men manus er skrive av AI (artificial intelligence), eller kunstig intelligens.
Skriveloop mot skrivesperre
Dei to filmskaparane brukar verktyet Shortly AI, som kallar seg eit verkty for forfattarar med skrivesperre.
Dei to filmstudentane startar på eit filmmanus, før dei let Shortly AI ta over.
Vaus fortel til Vise at dei vart overraska over kor godt den kunstige intelligensen klarte å kopiera tonen i manuset, men at verktyet har nokre manglar.
– Det ser ut til å etter ei stund bli veldig spesifikt og mørkt, og at det skriv seg sjølv i loop.
– Enkelte oppgåver AI klarer spesielt bra
Kunstig intelligens har allereie vorte brukt til å skriva romanar og musikk. I tillegg kan du oppsøka kunstig intelligens-prosjektet The Pudding, som slaktar musikksmaken din etter notar.
Erfaringane til dei amerikanske filmstudentane passar bra med synet til Morten Goodwin, nestleiar ved Senter for forsking på kunstig intelligens (CAIR) ved Universitetet i Agder.
I fjor lanserte han AI. Myten om maskinene og kunne knuse sju mytar om AI i Framtida.no.
Ei av desse er at kunstig intelligens fører til at jobbane forsvinn, noko som ikkje nødvendigvis er tilfelle.
– Det er enkelte oppgåver AI klarer spesielt bra, og så er det andre som han ikkje eignar seg like godt til. Vi ser ingen kategoriar av yrke som er på veg ut. Det er rett nok yrke som no forsvinn – men sånn er det alltid, sa Goodwin til Framtida tidlegare i år.