Her kan du la kunstig intelligens slakta musikksmaken din i Spotify
Kunstig intelligens-prosjektet til «The Pudding» har ingen nåde. Tør du å få vurdert din eigen musikksmak?


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kunstig intelligens (AI) er utgangspunkt for ikkje reint få framtidsdystopiar. Den teoretiske fysikaren Stephen Hawking meinte til og med at AI kunne vera enda på visa for menneskeslekta.

Det er ikkje mangel på spottande adjektiv når denne AI-en vurderer musikksmak. Foto: Skjermdump
Mot slike påstandar publiserte britiske The Guardian nyleg eit meiningsinnlegg forfatta av ein AI, med mål om å overtyda menneskeslekta om at AI ikkje ville øydelegga menneska.
Men å utsletta menneskeslekta er ikkje alt kunstig intelligens kan brukast til. Den kan også audmjuka oss, og nettopp det tar AI-en til «The Pudding» sikte på.
Med utgangspunkt i Spotify-spelelistene dine vaskar denne AI-en golvet med din musikalske integritet.
- Les også: Kunstig intelligens – venn eller fiende?
Opplært med millionar av anmeldingar
Det einaste som skal til for å få vondt i sjølvrespekten er å tillata AI-en å kikka gjennom

Kunstig intelligens er avhengig av store mengder data for å fungera. Foto: Skjermdump
Spotify-listene dine. Denne tilgangen kan du fjerna igjen når du er ferdig slakta, og berre skrotten av ditt tidlegare sjølv ligg att.
AI-en det er snakk om har blitt opplært ved å gjennomgå eit utal musikkmeldingar og anbefalingar på nettet.
Eller, som den sjølv skriv, «eit korpus av over to millionar indikatorar på objektivt god musikk».
«Pour-over-coffee bad»
Før du får ditt endelege resultat, må du gjennom eit par lettare ubehagelege spørsmål. AI-en vil blant anna finna ut om du verkeleg høyrer på dine «guilty pleasures». Er svaret ja, blir du spurd om du har det heilt bra om dagen.

Til slutt kjem AI-en med det audmjukande resultatet. Det er neppe noko å gleda seg til. Foto: Skjermdump
Endeleg får du ein prosentskår på kor «basic» musikksmaken din er, og i vårt tilfelle ein dryppande sarkastisk kommentar om at nokon med så obskur musikksmak sikkert er «superinteressant..».
I tillegg får du svar på kva tiår musikken din står fast i – i vårt tilfelle Obama-æraen på tidleg 2010-tal.

Framtida.no sin AI-korrespondent er 4 prosent basic, og står fast på tidleg 2010-tal, skal vi tru AI-en til «The Pudding». Foto: Skjermdump
- Les også: Koronalåt på strøymetoppen i Noreg