Auke i spørsmål frå barn og unge i 2020

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2020 svarte fagpersonar på 75.521 spørsmål, opp 55 prosent frå 2019.

Direktør Mari Trommald i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) seier at koronapandemien nok har ført til større behov for informasjon blant barn og unge.

– Mange har opplevd pandemien som skremmande, og at han har hatt stor innverknad på livet deira. Frå forsking veit vi at koronasituasjonen forverrar allereie eksisterande problem som utanforskap og einsemd, seier Trommald.

Direktør i Bufdir, Mari Trommald, trur koronasituasjonen har ført til ein stor auke i spørsmål frå barn og unge til UNG.no. Arkivfoto: Vidar Ruud / NTB / NPK

Vel 2.000 spørsmål gjaldt koronasituasjonen spesifikt, men langt fleire har stilt spørsmål som kan knytast til koronapandemien.

Døme på dette er spørsmål kopla opp mot psykiske utfordringar, generell helse, skulesituasjonen, sex og smitte, russetid, heimesituasjonen, sesjon og opptak, og generelle helseplager.


Steffen Tvedt Brekke (18) er elevrådsleiar ved Varafjell videregående skole i Haugesund, og meiner lærarane kan leggja meir opp til munnlege samtalar for å kompensera for at det sosiale livet til unge er sett på pause. Arkivfoto: Svein Olav B. Langåker