Barneombodet ber kommunane sjå behova til koronatrøytte barn

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi veit nok no til å seie at koronatiltaka har fått svært negativ effekt for barn. Det er ikkje enkelt å kvantifisere dei negative konsekvensane no, men vi må vere ganske klar over at dei kostnadene kjem, seier barneombu Inga Bejer Engh til NTB.

Barneombodet rosar statsminister Erna Solberg (H) og regjeringa for å ta omsyn til barn og unge, sjølv om det kan ha negative følgje for andre grupper i samfunnet.

– No er det opp til kommunane å føre denne haldninga vidare i vekene som kjem seier Bejer Engh.

Må vurdere nytta

Ho seier det kan vere lett for kommunane å vere strengje og vise handlekraft, men siger kommunen må vurdere nytta av tiltaka dei set inn opp mot konsekvensane det har for barna.

– Dei negative konsekvensane blir tyngre og tyngre etter kvart som tida går, seier ho.

Barneombodet har set opp fem punkt som blir sett på som særleg viktige når ein ny fase med raude nivå og moglege nedstengingar kan komme. Det første går på at kommunen har ei klar oppfatning av at innføringa av raudt nivå ikkje er det same som full heimeskule, det neste at barna får tilgang til fleire ressurspersonar no som lærarane har meir enn nok med å få gjennomført undervisninga.

– Så er vi opptekne av dei elevane som treng eit heiltidstilbod på skulen, faktisk skal få det, seier Inga Bejer Engh og legg til at det same gjeld tenester som barn og unge har krav på.

Livet kan ikkje setjast på vent

At fritidstilbod for barn og unge blir haldne oppe så langt det er mogleg, meiner barneombodet er viktig.

Samtidig påpeikar ho at det kan vere betre at unge samlast på arenaer der det faktisk er smittevernreglar, enn at dei møtest uorganisert og der det slett ikkje er nokon reglar som gjeld.

– Det er på høg tid å snakke om kompenserande tiltak for barn og unge snart, seier Inga Bejer Engh.

– Læringstoget for elevane går like fort som før koronaen – dei skal lære like mykje. Derfor rammar eit redusert skuletilbod mange barn og unge hardt, seier ho.

Les også: Barneombodet: Unge får ikkje god nok psykisk helsehjelp

Illustrasjonsfoto: Frank McKenna, Unsplash.com