Fleire unge kjøper aksjar

På fem år har talet på aksjonærar i aldersgruppa 18 til 29 år auka med nesten 200 prosent.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kjem fram av tal frå AksjeNoreg, melder NRK.

Dagens låge rentenivå er ifølgje kommunikasjonsrådgivar Vidar Korsberg Dalsbø i DNB ei av dei største årsakene til at unge søkjer seg til aksjemarknaden:

– Og då er det mange som har sett til både fondsmarknaden og aksjemarknaden for å få meir igjen for pengane sine, seier Dalsbø til NRK.

Christian Li Sivertsen (19) fortel til nyheitskanalen at han byrja å investere i aksjar og fond i 2020 for å spare pengar til den første bustaden sin.


Les også: Nesten vaksen: Kva er greia med studielån?