Meir psykiske helseplager blant skilsmisseungdom i starten av pandemien

Unge i alderen 13-16 år med to heimar fekk det tøffare då Noreg stengde ned i starten av pandemien, ifølgje ei ny undersøking.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På gruppenivå var det ingen auke i psykiske plager hos ungdom under nedstenginga våren 2020. Blant ungdom med to heimar såg ein derimot ei tydeleg endring.

For heile den undersøkte gruppa var innslaget av psykiske helseplager litt høgare frå januar 2019 til våren 2020, men «endringen skyldtes imidlertid økning i alder mellom måletidspunktene, og ikke pandemien.»

Psykolog og forskar Gertrud Sofie Hafstad ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress. Foto: NKVTS

Nokre meir påverka enn andre

– Vi trur dette kan komme av fleire forhold, mellom anna ein rolegare kvardag og mindre stress for mange i denne perioden. I tillegg trudde mange etter den første gjenopninga at det verste av pandemien var over då, og vi kan ha observert ein lettereaksjon, seier psykolog og forskar Gertrud Sofie Hafstad ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS), som har gjennomført undersøkinga.

– Likevel viser resultata at nokre grupper av ungdom var meir påverka enn andre, og det er desse det er viktig å fokusere på ved nye nedstengingar og følgje opp over tid.

Generelt viser undersøkinga at ungdom i sårbare livssituasjonar hadde meir openberre psykiske helseproblem enn andre ungdommar både før og under nedstenginga, medan ho altså har forverra seg blant ungdom med to heimar.

Totalt 1.763 ungdomsskuleelevar mellom 13 og 16 år frå heile landet bortsett frå Oslo deltok.


F.v. Helsesista Tale Maria Krohn Engvik (Foto: Ingvild Eide Leirfall) og Line Toft, kommunikasjons- og innsamlingssjef i Mental Helse Ungdom (Foto: privat).