FRI-leiar hyllar inkluderande barne-tv: «Eit etterlengta friminutt for barn og unge som er som Hannah»

Inge Alexander Gjestvang
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Første dag på ny skule er alltid spennande. For mange av oss kan også dei påfølgjande dagane, vekene og åra by på meir spenning og usikkerheit.

Eg er difor glad for at NRK Super viser «Første dag», ein dramaserie som har potensial til å opne opp nokre dører for nokre unge barn og unge som altfor sjeldan får møte andre barn og unge dei kan indentifisere seg med i media. 

Ein augustdag i 1990

«Første dag» handlar om Hannah Bradford, som skal ha sin første skuledag på high school i Australia. Min første skuledag fann stad for 30 år sidan.

Eg skulle starte på barneskulen, og gledde meg veldig. Eg kunne alle bokstavane, og slukte det eg kom over av lesestoff. Av ein eller annan grunn hadde eg rosa neglelakk på høgre lillefingernagl denne dagen. Ein liten, forboden fargeklatt som eg visste det var best å halde skjult nede i bukselomma.

For ein som er høgrehendt var det utruleg lite praktisk med den rosa lillefingernaglen som ingen skulle sjå. Då vi skulle plante klassetre og alle måtte ta i eit tak med spaden var eg livredd for at løyndomen skulle syne. Den einaste guten i klassa med rosa lillefingernagl.

Eg hugsar ikkje så mykje anna frå første skuledag. Redselen for å skille seg ut og verte avslørt som annleis fekk ein pangstart denne augustdagen i 1990.

Ei tydeleg påminning om å vere annleis

Mi oppleving er nær, men samstundes fjern frå karakteren Hannah Bradford sin første dag på ny skule.

Hannah er transperson, og har vore Thomas på barneskulen. I skuleuniform med shorts, og ikkje skjørt. Når ho no skal byrje på high school er ho klar for å møte verda som den jenta ho er, og samana med mor kjøper dei ny skuleuniform. Ein kjole.

Allereie i første episode vert vi serverte ei av mange utfordringar elevar som Hannah må navigere trygt gjennom. Kva toalett skal ho bruke?

Rektor Nguyen har forståing for Hannah sin situasjon – men ho vert like fullt vist til ein handicap-do ved kontoret til skulesjukepleiaren. Trass i gode intensjonar endar resultatet opp med å forsterke kjensla av å vere annleis hjå Hannah.

Lovnaden om å etter kvart få bruke jentedoen vert overskugga av den mellombelse løysinga. 

Skjermdump: NRK

Løysingar som denne ser vi også her til lands. Forskingsrapporten «Den eneste skeive i bygda» (2018) tek føre seg unge LHBT-personar sin bruk av kommunale helsetenester. Ein av informantane, ein transgut på 16 år, fortel om konkrete problemstillingar knytt til skulens kjønna toalett. 

«Jeg ønsker å gå på guttedoen, men får ikke lov å av rektor. Nå må jeg låne nøkkel av en lærer til handicaptoalettet hver gang jeg skal på do.» 

I likskap med Hannah får denne 16-åringen ei tydeleg påminning om å vere annleis kvar einaste gong det er behov for ein tur på do. På ein skule kor han i medhald til Opplæringslova §9A-2 har rett på eit skulemiljø som fremjer helse, trivsel og læring. 

Sjølv om denne praksisen nok ikkje er gjort av vond vilje er eg svært usikker på korleis dette gjer at eleven si helse og trivsel vert fremja. Læring ligg det nok dessverre mykje av i denne situasjonen.

Gode intensjonar kan gje dårleg resultat

Med fagfornyinga i haust har norsk skule for alvor forplikta seg til å undervise i alle fag om tema som fysisk og psykisk helse, seksualitet og kjønn og å kunne handtere tankar, kjensler og relasjonar. Det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmestring skal setje elevane betre i stand til å utvikle eit positivt sjølvbilete og ein trygg identitet. Dette er ei høgst velkomen satsing.

Om vi ikkje står trygt i kven vi er og vert møtte på ein inkluderande måte av omgjevnadane manglar vi den viktige grunnmuren vi skal byggje kunnskapens hus på.

Men gode intensjonar og forpliktingar i læreplanverket kan gje dårlege resultat om kunnskap og kompetanse manglar.

I likskap med rektor Nguyen er det lett å føle seg usikker på kva som er mest hensiktsmessig i møte med elevar som Hannah. Profesjonsutdanningane har ikkje alltid vore like gode til å ruste komande yrkesutøvarar som skal ut og møte elevar når det kjem til tema som eg håpar profesjonsutdanningane legg til på pensum i tråd med dei tydelege forventingane i den nye læreplanen.

Eit etterlengta friminutt for alle barn og unge som er som Hannah

Sjølv har eg kome meg gjennom mange år med høgare utdanning innan pedagogikkens verd utan å ha lært veldig mykje om temaa, og eg nektar å tru at det var på slump.

Men éin ting har eg uansett forstått – i møte med menneske har du alltid mogelegheita til å gjere ein forskjell. Gjere kvardagen litt betre. Mitt råd er å lytte til den det gjeld. Spørje kva vedkomande treng for å ha det bra. 

Eg er veldig glad for at NRK Super viser «Første dag». Serien er ei viktig påminning til oss vaksne om korleis det er å kjenne på usikkerheit, utanforskap og manglande tryggheit i sårbare barne- og ungdomsår. 

Den er òg eit etterlengta friminutt for alle barn og unge som er som Hannah, eller som kjenner på å vere annleis i ei eller anna form og redsel for at ein av deira djupaste løyndomar skal vere avslørt – sjølv om det kanskje berre er snakk om ein rosa lillefingernagl langt nede i bukselomma. 


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til tips(a)framtida.no!

Skjermbilete frå vinnartalen til Isak Svarstad Ellefsen (17). Video: TaOrdet!