«Arbeidarpartiet lyg om gratis skulemat»
Elevane kan ta med seg matpakke på skulen, men kan ikkje pakke med seg ein god lærar, skriv Elisabeth Hekneby og Alma Tokle.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Arbeidarpartiet seier ikkje heile sanninga. Dei øydelegg for ein debatt som kunne ha vore konstruktiv.
24. november publiserte Framtida ei sak om at Oslo Ap vil ha tilbake gratis skulemat på vidaregåande skular. I saka står det at Høgre-byrådet i fjor avvikla gratis skulemat i Oslo. Det er feil.
Skulane bestemmer sjølv
Det Høgre faktisk gjorde, var å fjerne ordninga som kravde at ein viss pengesum som skulane fekk utbetalt, måtte gå til skulemat. I staden får skulane bestemme sjølve korleis dei vil bruke pengane sine, i tillegg til at dei mottek meir enn før.
Skulane er nemleg ikkje samde med Arbeidarpartiet. Dei prioriterer andre tiltak for å styrke skulen, slik som å tilsetja fleire lærarar, skaffa nye bøker og gje yrkesfagelever betre utstyr.
Skulane veit betre enn politikarane kva dei treng. Elevane kan ta med seg matpakke på skulen, men kan ikkje pakke med seg ein god lærar.
Dårleg prioritering
I saka seier Idun Klæbo frå AUF at det er dyrt å kjøpe toast i kantina. Heldigvis har dei aller fleste moglegheit til å ta med seg matpakke heimanfrå. I tillegg opplevde mange av skulane at det var svært få som nytta seg av ordninga, slik at det vart mykje matsvinn. Då må ein heller sørgje for at dei som treng mat, får det, framfor å bruke titals millionar på mat som endar i søpla.
Osloskulen må løyse dei største utfordringane først. For mange elevar går ut av skulen utan å kunne lese og skrive ordentleg, mange skular slit økonomisk, og det er for få som vil bli lærarar. Då burde Arbeidarpartiet prioritere betre enn å bruka tida si på å lyge om gratis skulemat.
Det er ei dårleg prioritering å bruka 150 millionar kroner på ei ordning som ikkje løyser Osloskulens utfordringar.






