Identitet

«Verdien til menneske kan aldri vere eit debattspørsmål»

Når menneske opplever at identiteten deira stadig blir granska og diskutert, får det demokratiske konsekvensar, skriv Hannah Owe Hope og Emil Johan Stenhaug i AUF.

Hannah Owe Hope (23) og Emil Johan Stenhaug (25)
Sentralstyremedlem AUF, politisk utval for justis, likestilling og antirasisme
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Då Emma Ellingsen deltok i podkasten Ida med hjertet i hånden, fortalde ho om korleis det er å leve i ein offentleg debatt der identiteten hennar stadig blir diskutert. Historia hennar seier noko viktig om kva som skjer når politikken gløymer mennesket.

Ellingsen skildrar korleis det offentlege ordskiftet om transpersonar har vorte hardare, meir polarisert og meir konfliktfylt. Stadig fleire meiner noko om kven ho er, korleis ho lever og kva rettar ho bør ha. Ho fortel kor slitsamt det er å oppleve at heile livet hennar blir gjort til ein politisk samtale.

Det er ei erfaring som bør få oss til å stoppe opp. For bak debattane, overskriftene og kommentarfelta finst det menneske som lever med konsekvensane av orda som blir sagde.

Skilnad på politikk og menneskeverd

Demokratiet treng usemje. Vi skal diskutere vanskelege spørsmål, bryte meiningar mot kvarandre og utfordre etablerte sanningar. Men det Ellingsen skildrar, handlar ikkje først og fremst om politisk usemje. Det handlar om korleis det kjennest når sjølve livet ditt blir gjort til eit politisk stridsspørsmål.

Det er skilnad på å diskutere politikk og å diskutere verdien til menneske. Når identiteten til ei gruppe menneske blir sjølve konfliktlina, handlar det ikkje berre om politikk. Det handlar òg om makt. Om kven som får definere røyndomen til andre, og kven som må bruke livet sitt på å forsvare sin eigen.

Skadeleg kulturkrig

For dei fleste av oss er dette ein debatt vi kan leggje frå oss. Vi kan lukke mobilen, logge av og gå vidare med dagen. Men for Ellingsen, og mange andre transpersonar, finst det ingen av-knapp. Du kan ikkje logge av deg sjølv. Du må leve med haldningane, orda og konsekvensane også etter at diskusjonen er over.

Nettopp derfor er kulturkrig så skadeleg for samfunnet vårt. Når menneske blir reduserte til symbol i ein større politisk konflikt, blir det lett å gløyme at debatten handlar om verkelege liv.

Historiebøkene er fulle av døme på minoritetar som først blei gjorde til problem som skulle diskuterast, før dei blei anerkjende som menneske som skulle inkluderast. Derfor bør vi vere varsame når transpersonar stadig blir trekte inn i det som blir omtalt som ein kulturkrig. Ikkje fordi temaet ikkje kan diskuterast, men fordi konsekvensane av debatten ikkje blir fordelte likt.

For dei fleste av oss er dette politikk. For Ellingsen og andre transpersonar handlar det om tryggleik, helse, fellesskap og høvet til å leve eit vanleg liv.

Demokratiske konsekvensar

Ord formar samfunnet rundt oss. Dei påverkar kva haldningar som blir akseptable, kven som blir møtt med respekt og kven som blir møtt med mistillit. Når den same gruppa igjen og igjen blir framstilt som eit problem som må diskuterast, set det spor. Ikkje berre i kommentarfelta, men i klasserom, på arbeidsplassar, i familiar og i møte med offentlege tenester.

Når menneske opplever at identiteten deira stadig blir granska og diskutert, får det også demokratiske konsekvensar. Eit levande demokrati er avhengig av at folk kjenner seg trygge nok til å delta i samfunnsdebatten. Når hets og mistenkjeleggjering gjer at menneske trekkjer seg tilbake, mistar vi stemmer som burde ha blitt høyrde.

Demokratiet blir fattigare når dei som kjenner konsekvensane på kroppen, får minst plass i samtalen.

Menneska bak debatten

Vi skal ikkje slutte å diskutere kjønn, helse eller rettar. Sjølvsagt skal vi kunne vere usamde. Men vi må klare å skilje mellom sakleg usemje og umenneskeleggjering. Verdien til menneske kan aldri vere eit debattspørsmål. Ingen skal måtte forsvare retten sin til respekt, verdigheit eller til å vere den dei er.

Det gjorde sterkt inntrykk då Ellingsen fortalde at ho i ein periode tvilte på om ho fortente kjærleik. Ikkje fordi ho er ein offentleg person, men fordi det seier noko om kor tungt det er å leve i eit samfunn der menneske stadig får høyre at dei må forklare, forsvare eller rettferdiggjere sin eigen eksistens.

Politikk handlar om meir enn lover, budsjett og prinsipp. Det handlar om menneske. Og den dagen vi sluttar å sjå mennesket bak debatten, har vi mista noko av det viktigaste politikken skal verne om.