Rekordmange jenter har søkt på gutedominerte utdanningsprogram
Aldri før har så mange jenter søkte seg til dei gutedominerte utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk og teknologi- og industrifag som i år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I 2012 var berre 4 prosent av søkjarane til bygg- og anleggsteknikk jenter. På teknologi- og industrifag var delen jenter 12 prosent. I år er delen jenter høvesvis 10 og 16 prosent av søkjarane, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.
Melby gler seg
– Det er utruleg gøy å sjå at fleire jenter no vil ta utdanningar som tradisjonelt har vore dominert av gutar. Eg trur fleire jenter har fått interesse for desse programma, og at dei ser at ikkje berre gutar søkjer seg dit, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).
Dei siste åra har omtrent halvparten av elevane som skal byrje på vidaregåande skule, søkt seg til yrkesfag. I år er delen litt over halvparten – 51 prosent. Det er 1.000 fleire søkjarar til yrkesfag samanlikna med studieførebuande.
– Denne regjeringa har over fleire år satsa på yrkesfag, og det gir resultat. Fleire søkjer seg til yrkesfag, fleire får læreplass og fleire fullfører og tek fagbrevet. Det er viktig for den enkelte, men også for Noreg, seier Melby.