Nav fryktar mangel på yrkesfag og helsefagarbeidarar fram mot 2035

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nav har analysert trendane i arbeidsmarknaden fram mot 2035. Spådommen er at arbeidsmarknaden blir meir ustabilt, og at folk må rekne med hyppigare jobbskifte.

I tillegg ventar dei at Noreg vil mangle arbeidskraft innan særleg yrkesfag og helsefag, at det er auka risiko for at fleire hamnar utanfor arbeidslivet, og at folk må oppdatere kompetansen sin oftare, skriv NRK.

Nav-direktør Hans Christian Holte. Foto: Nav

Nav-direktør: – Arbeidslivet kan endre seg ganske raskt

– Koronapandemien speedar opp omstillingsbehova i arbeidslivet. Både arbeidsgivarar og arbeidstakarar må vere førebudd på at arbeidslivet kan endre seg ganske raskt, seier Nav-direktør Hans Christian Holte.

Nav skriv òg at velferdsstaten vil bli utfordra av den aldrande og meir sentraliserte befolkninga.

Særleg ufaglærte i lågkompetansejobbar risikerer å hamne utanfor arbeidslivet, og det gir òg risiko for at inntektsforskjellane held fram med å auke.

Samstundes vil høgt utdanna og yrkesfagutdannede ha låg arbeidsløyse, og dermed vil arbeidsgivarar slite med å finne oppdatert kompetanse.

– Vi får både fleire som risikerer å hamne utanfor arbeidslivet, samtidig som vi kjem til å ha større behov for arbeidskraft. Det er eit kjempeparadoks, når vi veit at Noreg skrik etter faglært arbeidsplass i ein normalsituasjon, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H).


Oscar Aaslund Hovin (26) synest helsefagarbeidaryrket er heilt fantastisk, men rår unge til å tenkja seg om to gongar før dei går inn i det. Foto: Sandra Skillingsås og privat