I fjor var det 11.081 svangerskapsavbrot. Det er det lågaste talet nokosinne, viser tal frå Abortregisteret.
NPK-NTB
NPK-NTB

Det har ein tydeleg samanheng med koronapandemien, skriv Folkehelseinstituttet (FHI) på nettsidene sine.

Det vart registrert 11.081 svangerskapsavbrot i 2020. Så lågt har aldri talet vore før. Til samanlikning var talet 14.675 i 2000.

– Hovudsakleg kjem nedgangen i talet på svangerskapsavbrot av at færre aborterer i aldersgruppa under 25 år, men det er ein fallande tendens i alle aldersgrupper, seier overlege Mette Løkeland-Stai i Abortregisteret.

FHI meiner at avgrensa moglegheiter til samver under pandemien er ei av hovudårsakane til den store nedgangen, men har òg sett at unge er vorte flinkare å bruka prevensjon.

– Studier viser at bruk av langtidsverkande prevensjon, som til dømes p-stav og spiral, er den type prevensjon som i størst grad førebygger uynskte svangerskap, seier Løkeland-Stai.


Thea S. Hjelleset (21) oppmodar unge kvinner til å vere opne om prevensjonsbruk både med familie og helsepersonell. Ho opplevde å få blodpropp i lungene, som kan skuldast p-pillene ho brukte. Foto: Privat

LES OGSÅ

ANNONSE