Reagerer på Kripos-rapport om sal av nakenbilete: «Fokuset på gjerningspersonane i slike saker uteblir»

Ragnhild Torstensen, dagleg leiar i lightup Norway
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I går delte Kripos ein rapport og ei pressemelding om temaet «Barn som selger seksualiserte bilder og videoer av seg selv».

Ei NRK-sak omtalar rapporten med tittelen: «Barn selger nakenbilder – får betalt på Vipps».

Vinklinga til både Kripos og NRK om dette temaet blei gjenstand for stormande debatt i kommentarfelt på sosiale medium nettopp fordi fokuset på gjerningspersonane i slike saker uteblir.

Viktig førebyggjande arbeid

Det er veldig bra at politiet og Kripos er på banen med eit tydeleg fokus på den aukande digital seksuelle utnyttinga av barn og unge i samfunnet. Kripos og politiet har ei viktig stemme retta mot både barn og foreldre her. Delbart-kampanjen er eit skikkeleg bra døme på det.

Koronapandemien har forsterka desse utfordringane

Det er utruleg viktig å kasta lys på dette for å bevisstgjere både barn og vaksne om kva ein kan bli utsett for på nett og ved bruk av ulike sosiale plattformer, og ikkje minst formidla risikoen forbunde med å dele nakenbilete og seksualisert materiale med andre for å førebyggja at fleire blir utnytta.

Koronapandemien har forsterka desse utfordringane no som barn og unge sin kvardag har blitt mykje meir digitalisert. Ein styrka førebyggjande innsats på dette feltet trengs definitivt, og vi har inga tid å miste.

Noreg er forplikta til å hindra overgrep, menneskehandel og utnytting av barn. Det gjeld også dei formene for utnytting som skjer digitalt.

Les også innlegget frå datadetektiv Mia Landsem om digital vald: «Hei, Mia. Det starta med eit uskuldig bilete berre…»

Kor er gjerningspersonane?

Samtidig er det kritikkverdig at rapporten ikkje har særleg sterkt fokus på gjerningspersonane i desse sakene.

Som Kripos understrekar, så kan ein ofte finne sårbarheitsfaktorar i liva til dei barna som blir gjenstand for digital seksuell utnytting. Det gjev likevel eit ufullstendig bilete av verkelegheita om ein berre knyter dette problemet til barn si eiga atferd, at dette er ei form for sjølvskading som barn utset seg for.

For å få eit helskapleg bilete av problematikken, så etterlyser vi ei meir utdjupande oversikt over desse gjerningspersonane, og innsatsen som blir retta mot dei:

Hva karakteriserer gjerningspersonane i slike saker? Korleis er aldersfordelinga? Kor stor del kjenner politiet til frå før? Er dei også å finne på det mørke nettet? Har dei ein bakgrunn med stort pornokonsum?

Det siste spørsmålet er interessant fordi det no både finst forsking og erfaringar frå fagmiljøa som jobbar med overgrepsdømte som viser ei kopling mellom pornobruk og overgrep.

Ikkje minst hadde det vore nyttig med ein styrka førebyggjande innsats også inn mot desse mennene.

Basert på profilen over gjerningspersonane, så er det essensielt å kartleggje korleis ein kan styrkja den førebyggjande innsatsen for å hindra at desse personane loggar seg på nett for å misbruke barn. Her er ein tidleg innsats heilt essensiell, for å hindra at spesielt gutar som veks opp blir sexkjøparar og overgriparar.

Vi lurer på om politiet har sett inn ein styrkt innsats på dette området som følgje av at dette er eit aukande problem, og synes også ein bør vurdere å skjerpe straffa i slike saker.

NRK har forresten no endra tittelen på si sak, til: «Kjøper overgrepsmateriale med Vipps». Det nyttar å seie ifrå!

Les også: Ungdomsorganisasjon åtvarar: – Barn og unge har tilgang til å konsumere overgrep

Dagleg leiar i lightup Norge, Ragnhild Lindahl Torstensen, er uroa for at fleire sårbare barn og unge skal verte utsett for nettovergrep. Foto: lightup