Fleire barn får betaling for seksualiserte bilete – politiet ber føresette følgje med

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Delinga av materialet skjer i hovudsak på Snapchat og blir ofte betalt med Vipps.

Det skriv Kripos i ei pressemelding knytt til rapporten Barn som selger egenprodusert overgrepsmateriale.

Andre plattformer som vert brukt er chattetenesta Omegle, appane Yubo og Badoo, samt nettstaden Onlyfans, der brukarar kan produsere og ta betalt for innhald, som ofte er nakenbilete eller anna seksualisert innhald.

Ser ikkje på seg sjølv som offer

Det er straffbart å kjøpe seksualiserte bilete som viser barn under 18 år. Sakene er ifølgje Kripos vanskeleg å avdekkje fordi mange av dei fornærma, som ofte er jenter i alderen 13 til 16 år, ikkje ser på seg sjølv som offer.

Avsnittsleiar Helge Haugland ved Etterretningsavsnittet under Seksjon for internettrelaterte overgrep åtvarar om ei stor psykisk belastning for den fornærma.

– Det som innleiingsvis vert opplevd som spennande og ein lett måte å tene pengar på, vil i nokre tilfelle eskalere til seksuell utpressing eller sal av fysiske seksuelle tenester, seier han.

Nokre gjerningspersonar brukar Instagram for å finne jenter som dei kontaktar. I andre tilfelle kan den fornærma vere pådrivar og søkja aktivt etter ein sugardaddy på digitale plattformer.

Les også: Politiet åtvarar mot sal av nakenbilete

«Følg med på betalingstenester»

I nokre tilfelle går Vipps-betalinga via ein ven, slik at føresette ikkje skal merka noko. Mange fortel ikkje noko til sine føresette, fordi dei er redde for straff og sinne.

Kripos ber føresette vere proaktive og snakke med ungdommane om sal av nakenbilete og moglege konsekvensar.

«Følg med på betalingstenester og legg merke til betalingar frå ukjende personar,» er eitt av dei konkrete råda til foreldre eller føresette.


Les også innlegget frå Mia Landsem om digital vald: «Hei, Mia. Det starta med eit uskuldig bilete berre…»

Mia Landsem arbeider til dagleg som etisk hackar hjå Orange Cyberdefense, og brukar fritida si på å hjelpe dei som opplever å få nakenbileta sine spreidde. På Kvinnedagen heldt ho hovudappellen på markeringa i Trondheim. Foto: Orange Cyberdefense