Legestudentar fryktar at for lite praksis kan gå ut over pasienttryggleiken

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange studentar har uttrykt at dei føler seg utrygge i rolla som lege. Det kan gå ut over pasienttryggleiken, seier Maja Elisabeth Mikkelsen, leiar av Norsk medisinstudentforening, til NRK.

Ho har vorte kontakta av mange studentar som føler seg utrygge i rolla som lege på grunn av manglande praksis under pandemien.

Sjukepleiarstudent Karl Koch i Porsgrunn er snart ferdig utdanna, men manglar mykje praksis. Han fortel til NRK at heile studentkullet hans fryktar at dei får eit omdømme som pandemi-kullet. Nokre av medstudentane hans har mista opp mot femten veker praksis under pandemien.

Universitetet i Søraust-Noreg (USN) fortel at studentane får alternative læringsaktivitetar, som simulering og casestudiar, men studentane er uroa for at det ikkje er nok.


Visste du at talet på samiske elevar er det høgaste på 13 år? – Har blitt meir kult med samisk

Aile Maria Martinez Hætta (15) og Mia Kristine Nystad Eskonsipo (15) vil halda fram med samisk på vidaregåande til hausten. Foto: Privat