Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Yrket mitt: Agnes er omsetjar

– Ein forfattar insisterte på å ringe meg på Skype for å sjå om eg hadde det som skulle til for å forstå boka hans. Kanskje litt sett på spissen, men det var sånn det føltest, fortel Agnes Banach (40) på e-post til Framtida.no.

Det er det mest utrulege som har hendt ho i arbeidskvardagen som omsetjar.

– Den dagen tenkte eg at det har sine fordelar å setje om forfattarar som for lengst er døde.

Frå ballett til omsetjing

Før ho tok steget over i omsetjarverda, var Agnes Banach ballettdansar. Ho visste likevel at det var med litteratur ho ville arbeide på sikt:

– Sjølv om den klassiske balletten var mi første interesse, utdanning og store kjærleik, var eg lesar før eg blei dansar. Og lesar har eg blitt verande. For meg byrjar eikvar god omsetjing med ein merksam, tålmodig og open lesar, forklarar ho.

Banach tok ei mastergrad i litteraturvitskap med polsk spesialisering hjå Universitetet i Oslo. Etter ho hadde levert masteroppgåva si og medan ho arbeidde som seminarleiar i polsk på Blindern, byrja ho nærme seg omsetjaryrket.

På Blindern fekk ho høve til å bli med på eit litterært omsetjarkurs i regi av Norsk Oversetterforening:

– Kurset heitte Flerstemt, og i løpet av dei fem-seks samlingane blei eg meir og meir sikker på at dette var vegen for meg, mykje takka vere dyktige føredragshaldarar og rettleiarar.

Då kurset var over fekk Banach ei anbefaling basert på omsetjingane ho hadde levert, og våren 2011 ringde telefonen med første oppdrag. I andre enden var redaktør Birgit Bjerck frå Forlaget Oktober som lurte på om Banach ville setje om Den mektige engel av Jerzy Pilch.

Sidan den gong har Banach sett om fleire bøker frå polsk til norsk.

Nokre av bøkene Agnes Banach har sett om frå polsk til norsk. Omslag: Forlaget Oktober, Flamme Forlag, Gyldendal

I 2013 fekk Banach Kritikerprisen for omsetjinga av Witold Gombrowicz sitt storverk Dagboken 1953–1958, og i utdelingstalen rosa Geir Kjell Andersland omsetjartalentet til Banach og sa at «resultatet er en suveren norsk språkdrakt».

I år er ho igjen prisnominert, då til Kulturdepartementet sin litteraturpris for omsetjinga av Volveren: Det siste ønsket av Andrzej Sapkowski.

Øv, øv, øv

Til no har omsetjaryrket innfridd forventningane Agnes Banach hadde, og vel så det.

– Jo lengre eg jobbar som omsetjar, jo meir ser eg likskap mellom omsetjarvirket og scenekunst, som eg framleis er veldig oppteken av, fortel ho og utdjupar:

– Kvar nye omsetjing er ei form for innstudering, ein prosess der ein heile tida må streve etter å finne balansen mellom respekt for originalen og eige uttrykk. 

Samstundes har utdanninga rusta ho godt for den nye arbeidskvardagen. Ho fortel at litteraturvitskapen har utvikla leseferdigheitene hennar, medan dei polske emna frå UiO har gjeve ho eit nyttig perspektiv på språket ho set om frå.

– Polskprofessor og no omsetjarkollega Knut Andreas Grimstad har alltid vore ein stor inspirasjon, legg ho til.

Åra som dansar har også kome godt med:

– Åra på ballettskulen lærte meg disiplin og presisjon, og kanskje det viktigaste: øv, øv, øv. Du må stille opp kvar einaste dag og gjere jobben. For du er aldri betre enn di siste framsyning.    

Dei arbeidskrevjande saumlause omsetjingane

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Eg står opp, set meg ved datamaskina og set om til eg har fått det talet på sider eg treng for å rekke deadline. Her kjem ballettdansaren sin disiplin godt med.

Agnes Banach trur ein nok ikkje er klar over kor arbeidskrevjande det er å setje om litterære verk.

Agnes Banach. Foto: Heidi Furre/Flamme Forlag

– Eg trur ein del ikkje heilt tar inn over seg kor viktig ei god omsetjing er og kor mykje arbeid som ligg bak omsetjingane som blir skildra som saumlause, forklarar ho og legg til:

– Og eg trur ikkje så mange nødvendigvis tenkjer over at det er ei form for kommunikasjon med eit lesande publikum. For meg har formidling blitt ein stadig viktigare del av det eg prøvar å få til: å framføre ei polsk tekst på norsk.

Det beste med jobben er, ifølgje Banach, at ein får bruke dagane i godt selskap, i dialog med intelligente menneske som har noko å formidle.

– Kva er det mest utfordrande?

– Å alltid vere sikker på at ein har forstått kva desse intelligente menneska prøvar å seie. Å overføre den lesaropplevinga eg har som polsk lesar til dei norske lesarane. Å ha ei nærmast vitskapeleg tilnærming til innhaldet i teksta, samstundes som ein heile tida strevar etter å få til forma, tonen og klangen, språket sin litterære kvalitet.

– Bli ein god lesar

Sjølv drøymer Agnes Banach om å kunne halde fram som omsetjar, og finne noko inspirerande i kvart nye oppdrag ho får:

– Og fortsette å utvikle meg som omsetjar så lenge eg driv med det.

Ho meiner yrket passar godt for dei som vil jobbe med litteratur, men samstundes ynskjer å lære seg eit handverk.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Bli veldig god i eit språk. Og bli ein så god lesar som mogleg.


Les også om korleis det er å vere teiknspråktolk: – Dei færraste forstår vel eigentleg kva yrket mitt er i det heile teke, fortel Karoline (23)

Karoline Marie Hjertaas Johnsen søkte på fast stilling på starten av fjoråret, fordi ho kjende på eit press om å få fast jobb, men trudde ikkje kom til å få den: – Planen min var å forhåpentlegvis gjere eit godt inntrykk slik at eg kunne få jobb der som 1-2 år, ikkje allereie no. Men tilbodet kom, og eg klarte ikkje setje livet mitt på vent, så eg takka ja. Foto: Privat

Agnes Banach

  • Namn: Agnes Banach
  • Alder: 40
  • Frå: Krakow og Bodø
  • Yrke: Omsetjar
  • Utdanning: Rambert School of Ballet and Contemporary Dance, MA Allmenn litteraturvitskap med polsk spesialisering, Universitetet i Oslo