Bokmelding av Volveren 1: – Storslått fantasy

Magnus Rotevatn
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Veit du kva ein volver er? Ikkje det, nei? Det gjorde heller ikkje eg før eg starta på boka Volveren 1: Det siste ønsket av den polske forfattaren Andrzej Sapkowski. Boka er den første i ein serie av populære fantasy-bøker som både har blitt til både film, tv-seriar og dataspel.

I bøkene til Sapkowski er volvere personar med magiske eigenskapar, dei streifar omkring og jaktar monster. Volveren i bestemt form heiter Geralt og er vår hovudperson.

Svært spennande

Volveren 1: Det siste ønsket består av sju korte forteljingar som kan lesast kvar for seg. Forteljingane har høg leirbålsfaktor og handlar om tidlegare opplevingar som Geralt har hatt på reisene sine.

Det er ei svært spennande verd som Geralt reiser gjennom. Sapkowski har verkeleg skapt eit rikt og truverdig univers. Alt som høyrer heime i ei god fantasy-bok finst òg i dette universet. Det er ei overflod av storslåtte landskap og magiske vesen som forfattaren har handplukka frå europeisk folketru og mytar.

Krevjande lesnad

Teksten er ikkje særleg lett å lesa. Det er mange lange og kronglete setningar og fleire store parti med tung dialog.

Pronomena blir òg brukt for mykje, ord som hun og han burde ofte vore bytta ut med namn, fleire gongar blei eg sitjande å lura på kven som eigentleg gjer og seier kva? For å få med seg handlinga er ein konstant nøydd til å halda konsentrasjonen oppe.

Sjølv om språket er tungt og til tider eit hinder for ei god lesaroppleving, så er det ingen mangel på fabelaktige skildringar og språklege måleri.

Omsetjar Agnes Banach har gjort ein formidabel innsats med å gjenskapa Sapkowskis univers på norsk. Når boka er på sitt beste kan eg klart sjå føre meg og enkelt leva meg inn i verda som Sapkowski teiknar.

Eg er eigentleg ikkje i tvil om at Volveren 1: Det siste ønsket er ei god bok, men ho passar kanskje ikkje for alle.

Volveren 1: Det siste ønsket er nok ei bok som dei som allereie er glade i fantasy, har god konsentrasjon og likar å lesa vil ha størst glede av.

MELD DEG PÅ NYHENDEBREVET VÅRT OG FÅ SISTE BOKMELDINGAR OG BOKNYTT!


Suzanne Collins er tilbake med ei ny bok frå Panem og Hunger Games-universet. Foto: Gyldendal og David Shankbone, CC-lisens

Fakta

  • Tittel: Volveren 1: Det siste ønsket
  • Originaltittel: Ostatnie życzenie
  • Forfattar: Andrzej Sapkowski
  • Omsetjar: Agnes Banach
  • Forlag: Gyldendal
  • Sjanger: Fantasy