– I ballett er det veldig viktig å få det til å sjå lett ut, sjølv om det ikkje er det

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 17.07.2019 11:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har gått på ballett sidan eg var 4 år, fortel Maja Kleveland Straume.

På godt og vel 6 minutt skal 16-åringen frå Stord skildre fritida si for dei frammøtte på Pecha Kucha. Ei fritid Maja brukar på å danse.

Foto: Thea Auestad

Les også intervjuet med Fabian Svegård Tapia som spelar i dansefilmen «Battle»: – Eg elskar presset

Frå det franske hoffet til kulturskulen på Stord

– Ballett er ein type dans som har mange reglar og bestemte måtar du skal røre deg på, forklarar Maja.

Håret må fjernast frå ansiktet, antrekket må vere korrekt, og balletskoa må på før dansarane kan ta plass ved barren – den lange stanga dansarane støttar seg til.

Foto: Thea Auestad

Ballett er ei danseform med lange røter, noko som også skin att i ordbruken til Maja når ho set namn på øvingane ho gjer ved barren – grand plié, frappé, pas de chat, adage.

– Ballett si opprinning var på 1500-talet, då hoffnarrane dansa for kongen i Frankrike og Italia. Difor er ballettspråket fransk, fortel 16 åringen.

Les også: Med laiv som hobby kan Ane hoppe over eit år med smalltalk

Det må sjå enkelt ut

Det vanskelegaste er likevel ikkje å halde tunga rett i munnen når ein skal skilje ein plié frå ein grand plié. Dansen i seg sjølv er krevjande:

– I ballett er det veldig viktig å få det til å sjå lett ut, sjølv om det ikkje er det, seier Maja.

Ho fortel at det krevst mykje styrke, god balanse og fleksibilitet for å meistre danseformen, og du lyt bruke heile kroppen din heile tida.

– Det er ikkje slik at du slappar av i foten når du gjer noko med armen. Du må alltid strame deg opp: Ha skuldrene rette og sjå opp.

Foto: Thea Auestad

Les også om Maria (15) som drøymer om å verte fiskar: – Her ute er det status å vere fiskar for gutane – dei kallar seg ekte menn – så dei var litt slik: «Nei, du kjem aldri til å greie det»

«Lett» på tå

Foto: Thea Auestad

Det største utfordringa kjem gjerne i andre del av dansetimen. Då forlet dansarane barren, og trekker ut på golvet. Så leitar dei fram det mange gjerne mest forbinder med ballett:

– Då tek vi fram tåspissko.

Dei harde og smale skoa er laga for å stå på tærne, og Maja fortel at ho også heime lyt trene opp tærne for å klare påkjenninga.

Men sjølv om det er slitsamt å hoppe 16 gongar på rad, å gjere store splitthopp  – ein grand chate, og å presse kroppen til utmatting, så er det verdt det. Det er jo også difor ein danseform frå 1500-talets Frankrike framleis er populær hjå 16-åringar på Stord.

– Det er veldig tungt, det vil eg berre seie, flirer 16-åringen.