Desse kan vinne kulturdepartementet sine litteraturprisar
Gulraiz Sharif sin brakdebut Hør her’a! er blant dei nominerte til debutantprisen for barne- og ungdomslitteratur.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Den varme humoren og den alvorlege tematikken gjer dette til ein roman som skil seg ut blant årets ungdomsbøker. Ein meget lovande debut.
Det skriv Norsk barnebokinstitutt i grunngjevinga på sine nettsider.
Hør her’a! av Gulraiz Sharif er blant dei nominerte til Kulturdepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur utgitt i 2020.
- Sjølv har debutanten avslørt at han elskar Dostojevskij. Sjekk ut bokhylla hans her!
27 forfattarar, illustratørar, teikneserieskaparar og omsettarar er nominert i sju kategoriar.
Prisen vert administrert av Norsk barnebokinstitutt og delt ut av kultur- og likestillingsminister Abid Raja den 10. mars.
Dei nominerte er:
Litteraturprisen:
- Line Baugstø: Jeg er Leona (Aschehoug)
- Kathrine Nedrejord: Lappjævel! (Aschehoug)
- Monika Steinholm: Ikke akkurat Lykke (Vigmostad og Bjørke)
Biletbokprisen:
- Monia Nilsen: Heldiggrisen (Cappelen Damm)
- Kaia Dahle Nyhus: Fremmed mann (Cappelen Damm)
- Rebecca Wexelsen og Camilla Kuhn (ill.): Ulf er uvel (Ena)
Fagbokprisen:
- Endre Lund Eriksen og Sigbjørn Lilleeng (ill.): Døden (Cappelen Damm)
- Malin Hellebø og Bård Torkildsen (ill.): Inn i munnen (Gyldendal)
- Jannicke Wiik-Nielsen, Ole Mathismoen og Dag O. Hessen: Tett på insekter og småkryp (Fontini)
Debutantprisen:
- Alexander Kielland Krag: Dette blir mellom oss (Gyldendal)
- Hans Jørgen Sandnes: Krypto. Ned i dypet (Gyldendal)
- Gulraiz Sharif: Hør her’a! (Cappelen Damm)
Teikneserieprisen:
- Aleksander Kirkwood Brown og John S. Jamtli (ill.): Magnus Carlsen og sjakkmorderen (Cappelen Damm)
- Nora Dåsnes: Ti kniver i hjertet (Aschehoug)
- Jenny Jordahl: Hva skjedde egentlig med deg? (Cappelen Damm)
Les også intervju med teikneserieskapar Jenny Jordahl: – Mange tener på å gje oss dårleg sjølvbilete
Illustrasjonsprisen:
- Nora Brech for illustrasjonane til Buffy By er inspirert: en spenningsroman av Ingeborg Arvola (Cappelen Damm)
- Jens Kristensen for illustrasjonane til Klodeklubben: Dei svarte svanene av Ruth Lillegraven (Samlaget)
- Elisabeth Moseng for illustrasjonane til Salamanderprinsen av Elisabeth Moseng
(Vigmostad og Bjørke)
Omsettarprisen:
- Agnes Banach for omsettinga frå polsk av Volveren: det siste ønsket av Andrzej Sapkowski (Gyldendal)
- Vibeke Saugestad for omsettinga frå amerikansk-engelsk av På vei mot toppen av Angie Thomas (Gyldendal)
- Hedda Vormeland for omsettinga frå nederlandsk av Nå heter alle Sorry av Bart Moeyaert (Cappelen Damm)
Les også bokmelding av den norske omsettinga av Volveren 1: – Storslått fantasy