Regjeringa vil avkriminalisere innehav og bruk av mindre mengder narkotika

Innehav og bruk av mindre mengder narkotika skal ikkje lenger straffeforfølgjast, meiner regjeringa, som foreslår ei grense på mellom anna 10 gram cannabis.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag presenterte regjeringa si nye rusreform.

I staden for å straffast med bøter og fengsel får folk som blir tekne med ulovlege rusmiddel, plikt til å møte opp for ei kommunal rådgivande eining, opplyser regjeringa i ei pressemelding.

Personane vil bli følgde opp og få informasjon om risiko og helseskadar ved narkotikabruk. Dei vil òg få tilbod om hjelp til å handtere rusproblema sine.

– Personar som har rusproblem har vorte stigmatiserte og straffeforfølgde lenge nok. Dei har vorte trua, jaga og audmjuka. Det er på høg tid at vi byter ut straff med hjelp, seier helseminister Bent Høie (H).

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V). Foto: Venstre

Ramma sosialt skeivt

Venstre-leiar Guri Melby (V) meiner at mange års straffregime ikkje har fungert, og ho at dette har ramma sosial skeivt.

– Det rammar ungdommar som allereie har det vanskeleg i langt større grad enn andre, seier kunnskapsministeren.

Ho omtaler den nye reforma som historisk.

– Vi er stolte over å leggje fram ei rusreform som gir hjelp, ikkje straff. Dette er ein siger for fornuft, kunnskap og verdigheit for folk som slit. Dette blir Noregs viktigaste sosiale reform på mange tiår. Som Venstre-leiar er eg stolt over at kampen vår for ein betre ruspolitikk dei siste tjue åra blir ein realitet, seier ho.

Mellom anna foreslår regjeringa ei maksgrense på 2 gram når det gjeld heroin, kokain og amfetamin. Cannabis får ein straffefri terskel på 10 gram, medan MDMA får 0,5 gram.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie seier det er på høg tid at Noreg byter ut straff med hjelp. Foto: Berit Roald / NTB / NPK

Framleis ulovleg med narkotika

Det vil framleis vere ulovleg med bruk og innehav av narkotika. Men mindre mengder til eige bruk skal altså ikkje lenger straffast, foreslår regjeringa.

Det gjeld både bruk, kjøp, innehav og oppbevaring.

– Vi skal gi hjelp, behandling og oppfølging. Straff bidreg til stigmatisering og sosial utstøyting. Mange tør heller ikkje be om hjelp for problema sine i frykt for å bli straffa. No senkar vi terskelen for å få hjelp og gi hjelp, seier Høie.

Blir ein teken med ei straffefri mengd narkotika, vil ein bli fråteken stoffet. Ein vil få pålegg frå politiet om å møte i ei kommunal rådgivande eining, som skal bli etablert i kommunane rundt om i landet.

Dette oppmøtet er obligatorisk. Mindreårige skal som regel blir innkalla med foreldra sine.


Pauline Vik Vestly er ungdomskandidat for Rogaland Venstre og Per Roppestad Christensen er sentralstyremedlem av Unge Venstre. Foto: Privat. Kollasj: Framtida.no