«No er det slutt for moralisme i ruspolitikken – det står om liv»

Pauline Vik Vestly og Per Roppestad Christensen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Når regjeringa om kort tid legg fram rusreforma kan me endeleg setja punktum for mange tiår med ein feilslått ruspolitikk. Med Venstre i regjering skal rusavhengige endeleg få hjelp framføre straff.

Unge Venstre sin ruspolitikk har i lang tid sett enkeltmennesket i sentrum. Me har teke kampen for å sjå menneska bak den dystre overdosestatistikken. Kvart år døyr over 260 menneske av overdosar – det er meir enn dobbelt så mange som døyr i trafikken.

Det er ikkje vanskeleg å sjå at dagens straffepolitikk ikkje har fungert. Den har berre gjort det vanskelegare å be om hjelp.

Meir opptekne av bøter enn behandling

Diverre har vegen til dagens rusreform vore lang.

Alt for mange har lidd unaudsynleg under dagens strafferegime, der samfunnet har vore meir opptekne av å dela ut bøter enn å behandla rusavhengnad som det det er; ein sjukdom.

Me er blant dei landa i Europa med flest overdosedødsfall per innbyggjar. Det er eit klart bevis på at dagens politikk ikkje fungerer, og at det er behov for å tenkja nytt.

Derfor ser me no til Portugal og andre land med både ein meir human og vellukka ruspolitikk. Der har overdosedødsfalla blitt kraftig redusert etter at dei avkriminaliserte bruk og besittelse av brukardosar.

Det er på tide å slutta å hjelpa med éi hand og slå med den andre. Nå er det tida for å hjelpa med begge hender.

Rusreformutvalet sin rapport bør vera pensum

I Venstre og regjeringa si styringsplattform slår me fast at regjeringa vil føra ein kunnskapsbasert ruspolitikk. Rusreformutvalet har gjeve oss denne kunnskapen.

Rusreformutvalet sin rapport går verkjeleg i breidda og djupna på avkriminalisering og svarer på mange av motførestillingane politikarar eller andre måtte ha mot rusreforma. Rapporten burde i våre auge utgjera pensum for kvar ein helsepolitikar.

Rusreforma kan bli den viktigaste sosialpolitiske reforma i Noreg i denne delen av hundreåret. Alt som skal til er at me ikkje legg kunnskapen me no har fått i skuffen, men heller lar den utgjera grunnlaget for ein ny ruspolitikk.

Rusreforma risikerer per dags dato å ikkje passera Stortinget, takka vera motstand frå tilbakestrevande krefter i Ap, Frp og Sp. Dette er ikkje mindre enn uverdig.

Dagens ruspolitikk har teke for mange liv til at denne reforma skal møta noko anna enn applaus.

No er det slutt for moralisme i ruspolitikken. Tungt rusavhengige eller eksperimenterande ungdommar treng ikkje bøter, å mista førarkortet sitt eller noka anna form for straff. Dei treng hjelp. Derfor håpar me at Stortinget seier ja til Venstres rusreform.

Det står trass alt om liv.


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!

Emma Berge Ness er politisk nestleiar i Senterungdommen. Foto: Senterungdommen