«Venstre har noregsrekorden i misbruk av overdoseargumentet»

Dag Endal
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Venstre og Unge Venstre sender i desse dagar omtrent likelydande lesarinnlegg til aviser over heile landet om rusreforma, litt justert frå avis til avis og signert av lokale politikarar frå partiet og ungdomsorganisasjonen.

Eitt av desse innlegga her publisert hjå Framtida.no, signert Pauline Vik Vestly og Per Roppestad Christensen.

Venstrelovnadane høyrest forlokkande ut. No skal det verte slutt på feilslegen politikk, overdosar, moralisme, fordommar, kunnskapsløyse, uverdigheit, stigma. Inn kjem fridom, verdigheit, helsetilbod, hjelp og forståing, humanisme. Hadde det berre vore så vel! Og så enkelt.

Sorry, Venstre. Skildringa av dagens politikk er feil, og løftet om at alt som skal verte så fint er dessverre for godt til å vere sant. 

Noregsrekord i misbruk av overdoseargument

Det er mykje som kan verte betre i norsk ruspolitikk. Men skal noko verte betre, må ein ta utgangspunkt i realitetane, ikkje eit karikert bilete.

Anten ein er for eller mot rusreforma: kan vi vere samde om at den ikkje må verte seld inn som noko meir enn det den er?

Venstre har noregsrekorden i misbruk av overdoseargumentet i rusdebatten. No vert rusreforma lansert som løysinga også på overdoseproblemet i Noreg.

Dei siste åra har det vore veldig vanleg å drive politisk magi med overdosetala. Sei «overdose» eller skriv «260 overdosedøde», og hokus-pokus, så står du fritt til å føreslå kva som helst av politiske tiltak, ofte med lite eller inkje sannsyn for å gje resultat. 

Kvart overdoseoffer er ein tragedie, for den det gjeld og for alle dei nære. Då er det respektlaust overfor potensielle overdoseoffer, pårørande og andre som er opptekne av dette, å late som at rusreforma må verte gjennomført for å hindre overdosane.

Rusreformutvalet tilrår ikkje nye overdosetiltak

Rusreformutvalet argumenterer ikkje med reforma som ei løysing på overdoseproblemet!

Kanskje kan reforma indirekte bidra til å hindre nokre overdosar. Men den er ikkje lansert som ein overdoseinnsats. Denne problematikken var heller ikkje ein del av reforma sitt mandat.

NOU-en om reforma inneheld ingen tilrådingar som skal bidra til å redusere overdosedød, og så vidt eg har klart å sjekke gjev utvalet bak utgreiinga ingen lovnadar i den retninga.

Eg har søkt i pdf-en på alle formuleringar med «overdose» i. Om nokon har gått under radaren i søkemotoren, må eg be om orsaking. Gjennom søka som eg gjorde gjentekne gongar, kom det opp kring 60 tilvisingar til «overdose» – men ingen nye tiltak som kunne gje rett til nytt håp. Berre skildringar av kva overdoseproblemet består i og tilvisingar til tiltak som allereie er iverksette, enkeltvis og som ledd i pakka Nasjonal overdosestrategi: LAR, sprøyterom, naloxon, sprøyteutdeling osv. 

Reforma inneheld kort og godt ingen nye hjelpetiltak for overdoseoffer og heller ingen andre rusoffer, ingen friske pengar til nye innsatsar, ingen nye menneskelege ressursar som skal hjelpe. I utvalets mandat står det eksplisitt at det skal utgreie korleis ein «rusreform kan gjennomføres uten økte bevilgninger», og dette har utvalet lojalt følgt opp. 

Helsehjelp til rusavhengige er ikkje nytt

«Hjelpe, ikkje straffe» har vorte eit eller anna hokus-pokus-ord i rusdebatten.

Det vert gjeve inntrykk av at det er først etter rusreforma at vi kan gje rusavhengige helsehjelp i staden for straff. Helse-og sosialhjelp til rusavhengige er då ikkje noko nytt?!

Noreg har over mange år bygd opp eit stort apparat med helse- og sosialhjelp til mange rusmisbrukarar; frå dei lågaste lågterskeltilboda til dei mest omfattande og langvarige hjelpetiltaka. 

Av dei kring 11.000 sprøytenarkomane vi har (mange av dei i faresona for overdose) er 7.600 inne og får helsehjelp i LAR-programmet. Rusavhengige i Noreg har pasientrettar, dei har rett på ein individuell plan og oppfølging av ei ansvarsgruppe, pakkeforløp i behandlingstida og rett til brukarmedverknad. Berre for å nemne noko.

Og alt dette skjer utan at nokon treng å vere redde for at det spretter ein politikonstabel ut av skapet på legekontoret for å leggje deg i handjern og drage deg til kasjotten.

Det høyrer også med til utfordringsbilete at mange av dei som døyr av overdose, har eit langvarig forhold til hjelpeapparatet bak seg, dei har fått hjelp fleire stadar og til dels også dei siste dagane opptil dødsfallet.


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!

Torkel Eikevik fortel om vegen inn og ut av rusen. Foto: Privat