Det blir no opna for at fleire studentar på universitet, høgskular og fagskular skal kunne få bruke lokala og få fysisk undervisning i små grupper.
NPK-NTB
NPK-NTB

Dermed kan fleire sitje på lesesalar, møtst i mindre grupper og få fysisk undervisning. Større forelesingar og samankomstar bør likevel framleis unngåast.

– Det må sjølvsagt skje med strenge smitteverntiltak, men eg er overtydd om at dette vil vere ei stor lette for mange, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.

Den nye nasjonale tilrådinga er at studentar kan vere fysisk til stades ved undervisning, at opning av campus òg inkluderer tilgang til lesesalar og bibliotek.

Det blir òg gjort endringar i kapitla i koronalova 5B og 5C, der det framover òg vil vere tillate med undervisning i grupper med inntil i personar.


Caroline Clausen. Foto: Privat

 

ANNONSE