«I ei ustabil verd er det lurt å ha ein god ven i det samla Europa»

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Debatten om EU og EØS står no i stor grad på den politiske agendaen i forkant av stortingsvalet til hausten.
Desto nærare vi kjem, desto meir uroa vert eg over at det veksande Senterpartiet fortset å ta til orde for at Noreg burde trekke seg frå EØS-avtalen.
Nord-Noreg er eit av områda i Noreg med størst tilslutnad til partiet. Eg ønskjer å belyse kvifor Nord-Noreg i aller høgste grad har tent, og vil i framtida tene på at Noreg fortset å samarbeide med EU og behalde EØS-avtalen.
Sjømateksport for 105 milliardar
Når Nord-Noreg og EØS-avtalen står på dagsorden, er det umogleg å ikkje trekkje fram sjømat.
Noregs samarbeid med EU har tilrettelagt for den enorme verdiskapinga i norsk sjømatnæring i snart 30 år.
Takka vere EØS-avtalen får Noreg tilgang på EU sin indre marknad, slik at vi kan importere og eksportere fritt i Europa. Sjømat kan ferdast fritt gjennom Europa utan tid- og kostnadskrevjande grensekontroll.
Det siste vi må gjere å miste tilgangen på den indre marknaden
I 2020 vart det eksportert norsk sjømat for 105,7 milliardar kroner.
EU er Noregs viktigaste marknad, og utan EØS-avtalen hadde ikkje det vore mogleg å nå så høge tal.
Sjømatnæringa er med andre ord i trygge hender, når vi kan eksportere til Europa. Og den gode lønnsemda vil sannsynlegvis fortsette i framtida.
Slik er det ikkje med Noregs andre store verdiskapar, nemleg olje og gass. I tida framover må norsk økonomi belage seg på at olje- og gass-eksporten reduserast.
Eldrebølgja kjem til å vekse seg større, og arbeidsløysa og utgiftene til velferdsstaten vil auke i takt. Då er det siste vi må gjere å miste tilgangen på den indre marknaden og dei enorme inntektene som høyrer til.
Arbeidskraft i nord
EØS-avtalen sikrar fri rørsle av personar og dannar grunnlaget for ein felles arbeidsmarknad i EU/EØS-området.
Bedrifta Westcon Helgeland på Nesna har omtalt EØS-avtalens tilrettelegging for arbeidsinnvandring i Noreg som heilt nødvendig for at bedrifta deira skal gå rundt.
At arbeidskraft kjem frå utlandet sikrar òg busetnad i distrikta
Bedrifta er neppe åleine om dette. At arbeidskraft kjem frå utlandet sikrar òg busetnad i distrikta.
Å stå utan ein EØS-avtale som sikrar utanlandsk arbeidskraft, vil ikkje hjelpe på den negative befolkningsveksten i dei nordlege fylka. Arbeidsinnvandring er eit gode fordi det sikrar eit behov for både arbeidskraft og auka busetnad i distrikta.
Erasmus ut med Brexit
På same måte er moglegheita for europeiske studentar til å reise på utveksling til Noreg uvurderleg.
Igjen er dette ei moglegheit som sikrast gjennom EØS-avtalen og utvekslingsprogrammet Erasmus. Dei fleste av dei som kjem på utveksling til Noreg nyttar seg av Erasmus-stipendet.
Dei fleste av dei som kjem på utveksling til Noreg nyttar seg av Erasmus-stipendet
Ei slik ordning legg til rette for at unge europearar kan få auga opp for potensiale i nord som kan sikre arbeidskraft, og ikkje minst er det ei lærerik kulturutveksling. Ordninga har vi sett har gått dunken for Storbritannia med Brexit.
Les også: «EU supergirl»: – Dei kan ikkje ta EU frå hjarta våre
Ein ressurs for å ivareta nord-norske interesser
Eit aktuelt døme der EU har vore ei hjelpande hand for både verdiskapning og bærekraftig utvikling i Nord, er støtta til ulike prosjekt.
Hydrogenfabrikken i Berlevåg som byrja med ein finnmarkings idé om å bruke hydrogen til å kunne frakte meir straum frå eit vindkraftverk, fekk 50 millionar kroner i støtte frå EU.
Forskingsprosjektet «Clean Energy for EU Islands Initiative» er eit anna døme som set Harstad på Europakartet. Kommunen vart plukka ut av EU til å vere ein del av prosjektet som har som mål å auke bruken av fornybar energi på øyer.
Desse prosjekta set potensiale for bærekraft og vekst i Nord-Noreg på både den nasjonale og internasjonale agendaen, gjennom støtte frå EU.
For ikkje å snakke om Bodø som har blitt utnemnd av EU som Europas kulturhovudstad i 2024. Det er med andre ord ikkje slik at ein ved å samarbeide med EU, ikkje får teke omsyn til nordnorske interesser.
EU kan derimot nyttast som ein ressurs. For at Nord-Noreg og Europa i endå større grad skal dra nytte av å samarbeide med kvarandre, er det først og fremst viktig å synleggjere Nord-Noreg som ein stad for verdiskapning, arbeidskraft og bærekraftig utvikling.
I ei ustabil verd er det lurt å ha ein god ven i det samla Europa.
Framtida sine utsikter
Vi ventar fortsatt i spenning på Senterpartiets «nye og betre» avtale, som skal erstatte EØS-avtalen.
Å kaste vekk 30 år med godt samarbeid vil gje enormt negative konsekvensar for framtidsutsiktene til Nord-Noreg.
Som ung er eg nøydd til å belage meg på framtida si skjebne, og den håpar eg ikkje fell i populistar sine hender.
Eg ønskjer meg ei framtid i eit land som fortset å vekse, sjølv med ei eldrebølgje som vert større og utgifter til velferdsstaten som veks i takt. Det siste vi må gjere då er å skrote EØS-avtalen.
- Les også innlegget frå Ungdom mot EU: «Kvifor er ikkje EU og EØS på timeplanen?»
