«EU supergirl»: – Dei kan ikkje ta EU frå hjarta våre

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har kanskje tapt dette slaget og med det privilegiet med å vera EU-borgarar, men dei kan ikkje ta EU frå hjarta våre, skriv Madeleina Kay på Twitter.

Den britiske 25-åringen frå Sheffield ofra studiene for å kjempa mot brexit. EU supergirl, som ho kallar seg, har vorte kåra til årets unge europear 2018.

Twitter-kamp

Aktivisten og protestsongaren meiner Brexit vil verte ståande som ein av dei største feiltrinna i historia og skriv på Twitter at ho vil kjempa mot nasjonalisme og hat.

På Youtube har Kay lagt ut ein 42 minutt lang film frå sin turné gjennom EU:

«We will be back»

I natt melder Storbritannia seg omsider ut av EU. Tre og eit halvt år er gått sidan «leave»-sida fekk 51,9 prosent av stemmene i folkeavstemminga om å forlata EU.

Eldre britar stemte i høgare grad om å forlata EU, medan heile 82 prosent av dei under 24 stemte for å bli, ifølgje BBC.

Ein av dei ivrigaste er Kay, som tidlegare i dag meldte om at «remain»-sida ikkje vil gje seg utan kamp.

«We will be back,» lovar Kay, etterfulgt av emneknaggen #rejoin, som har erstatta #remain.

Overgangsåret 2020

Onsdag stemte eit overveldande fleirtal i EU-parlamentet for å godkjenna brexitavtalen.

Klokka 23.00 britisk tid i dag er Storbritannia ute av EU, men trass i at dei 73 britiske representantane ikkje lenger får møta i parlamentet må Storbritannia framleis følgje EU-reglar og -avtalar som før.

Storbritannia vil vera ein del av tollunionen og den indre marknaden ut året. I løpet av 2020 skal EU og Storbritannia bli einige om nye avtalar knytt til mellom anna energiforsyning, medisinregulering, fiskekvoter, flytrafikk og datatryggleik.

Storbritannias statsminister Boris Johnson har lova at overgangsperioden ikkje skal utvidast utover 31. desember 2020, men Eu-kommisjonen har varsla at tidsramma er kort.

Les også: Brexit-motstandarar mest skeptiske til meiningsmotstandarar

EU-valet i Storbritannia blei ei ny Brexit-røysting. Det førte til rekordtal for dei to partia som var tydelege i spørsmålet: Brexit-partiet og Liberaldemokratane. Foto: Garry Knight (CC0 1.0)