Unge Høgre vil verna LoVeSe – folkeaksjonen jublar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Høgre er raske på avtrekkaren i skildringar av dei som er ueinige i deira oljepolitikk. Diverre deltek Høgre i kappløpet for å sikra seg industriveljarar, og skyr difor ein del viktige debattar om olje,

Det seier Unge Høgre-leiar Ola Svenneby til NTB.

Trur på gjennomslag i Høgre

I helga gjekk ungdomspartiet inn for vern av Lofoten, Vesterålen og Senja, eit vedtak dei vil jobba for å få gjennomslag for i moderpartiet Høgre.

Svenneby peikar på at deira vedtak som regel vert vedteke av moderpartiet, noko han håpar òg vil skje her.

– Høgre har vore altfor passive i diskusjonane om vern og økonomiske insentiv, seier han til NTB.

Stefan Heggelund, Høgre, Oslo. Foto: Stortinget.no

Frå før av hadde Unge Høgre vedteke å verne 10 prosent av norske havområde i tråd med konvensjonen for biologisk mangfald som Noreg har forplikta seg til.

No går ungdomspartiet endå lenger og vil ha vern av områda Lofoten, Vesterålen og Senja, der Høgre og Frp framleis ønskjer konsekvensutgreiing.

Overfor NTB forklarar energi- og miljøpolitisk talsperson i Høgre, Stefan Heggelund, at dei ønskjer konsekvensutgreiing for å få ny kunnskap.

Folkeaksjonen: – Eit stort steg i riktig retning

No jublar Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja for at Høgre har mista støtta frå ungdomspartiet sitt i denne saka.

Daniel Weiss er nestleiar i Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Pressefoto.

Nestleiar Daniel Weiss kallar vedtaket ein stor siger.

– Lofoten, Vesterålen og Senja er matfatet vårt, både lokalt og nasjonalt. Her passerer 70 prosent av fisken me tek opp frå Norskehavet og Barentshavet. At Unge Høgre no går inn for å verna dei mest sårbare områda me har, er eit stort steg i riktig retning, seier han i ei pressemelding.

Også i moderpartiet Høgre byrjar det å bli kamp om saka. I fjor vart nemleg Oslo Høgre det første lokallaget som gjorde eit vedtak om å verna Lofoten, Vesterålen og Senja mot konsekvensutgreiing.

Eit liknande forslag vart fremma og nedstemt i både Vestland og Viken Høgre.

Trur på fiskeri og reiseliv

Weiss meiner det er større interesse og potensiale for å utvikla fornybare næringar, som fiskeri og reiseliv.

– Regjeringa framhever sjølv i Nordområdemeldinga nettopp dette potensialet, og her har Unge Høgre vist at dei har forstått akkurat det. Det er desse næringane og arbeidsplassane me må satsa på, ikkje en mellombels, kortsiktig og miljøskadeleg oljeutvinning, seier Weiss.


Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/NU