Natur og Ungdom om Høgre-program: «Eit bidrag til VM i ansvarsfråskriving»

Aksel Gøytil Bødtker
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Høgre sitt partiprogram illustrerer kvifor Noregs og verdas klimapolitikk ikkje er effektiv – det viser ingen tru på at verda skal klare omstillinga bort frå fossil energi. 

I dag slapp Høgre utkast til deira partiprogram for 2021. Når det er ferdig blir det desse punkta partiet går til valg på. 

Partia veit at dei må ha utsleppskutt som ei satsing for å ha sjans i klimavalet 2021. Høgre lovar nytenking, utvikling og omstilling, men programmet viser meir av det gamle enn det nye.

Dei stiller opp med lyspunkt som satsing på havvind, elektrifisering av fergene og CO2-merking, men dette programmet ser ut til å vere eit bidrag til VM i ansvarsfråskriving. Programmet er prega av tiltak som glattar over og gjer det lettare å halde fram som før.

Illustrasjonsfoto: Thomas Clyde/Unsplash

Dersom dette er programmet for regjeringa etter valet i 2021 vil Noreg ligge dårleg an til å nå måla i Paris-avtala.

Høgre held fast på at det skal vere vekst i olje- og gassindustrien.

Sjølv etter eit stortingsfleirtal mot opning, ynskjer Høgre å opne dei sårbare områda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Om dei ikkje berre har gløymt å fjerne punktet frå programmet i 2005 då?

Elektrifisering er eit tiltak som skal lure gjennom skitten oljepolitikk i endå eit tiår.

Fine ord om elektrifisering av oljeindustrien trekkjer fokuset vekk frå den verkelege utfordringa med olje. Vi kjem til å halde fram å basere samfunnet på olje så lenge det er politisk interesse for at oljeindustrien er i vekst. Elektrifisering er eit tiltak som skal lure gjennom skiten oljepolitikk i endå eit tiår.

Vi har for lengst funne meir olje, gass og kól enn vi kan ta i bruk dersom vi skal ha nubbsjans på 1,5 gradersmålet.

Difor er vi nøydde til å redusere vår avhengigheit av olja. Då kan det ikkje eksistere ein illusjon om langvarig vekst.

Går det eigentleg an å skape ei «rørsle» i resten av næringslivet, utan å gi slepp på særskilte kjørereglar for olje og gass?

Ved å satse på elektriske fly bygger dei ein illusjon som gjer det lettare for den  forureinande flynæringa å halda fram. Dette ser vi at kjem i staden for ei satsing på tog som gjer tog til eit rimeleg alternativ.

Til no har regjeringa og Høgre kvilt seg på å svare «EUs kvotesystem» i debatt.

Så kor har vi kome?

Til no har regjeringa og Høgre kvilt seg på å svare «EUs kvotesystem» i debatt.

Kvoteordninga bidreg ikkje til rask nok nedgang i utsleppa og næring blir tvunge til å investere i meir forureining. Samtidig mistar vi ansvar for «kvotepliktig sektor». Avgiftsordningar blir prioriterte over strengare miljøkrav til næring, som igjen er å auke investeringskjøret.

Norsk klimapolitikk skal vente på EU og det er lite som tyder på at vi har lært noko om å ta ansvar. Oljepolitikken gjer at dette ikkje er noko truverdig satsing på utsleppskutt.

For at norsk næringsliv skal vere med på Høgre si «rørsle» må det kome konkrete tiltak som viser at klimahandling vil skje. Vi kan ikkje avvente meir.

Noreg har politisk eigarskap til oljeindustrien, difor kan og bør vi ta ansvar for dei største utsleppa, som er dei vi eksporterer.

Eg trur det viktigaste tiltaket er å gi slepp på illusjonen av vekst i olje- og gassnæringa.


Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!

Bakgrunnsfoto: Pixabay.com. Portrettfoto: Privat