Miljøorganisasjonane reagerer på nye oljelisensar: – Skummelt

Natur og Ungdom, Greenpeace og Naturvernforbundet meiner regjeringa øydelegg for eigne klimaplanar ved å dela ut 61 nye oljelisensar.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er skummelt at denne regjeringa deler ut så mange nye lisensar for å oppretthalde same høge utvinningstempo i Noreg. Dette gjer oss avhengige av olje og gass i mange tiår framover, seier Natur og Ungdom-leiar Therese Hugstmyr Woie i ei pressemelding.

Ho reagerer på at den norske regjeringa i dag gir ut 61 nye utvinningsløyve for olje gjennom TFO-ordninga (Tildeling av Førehandsbestemt Område).

Olje- og energiminister Tina Bru, Høgre. Foto: Høgre

Bru: – Nye funn er avgjerande

I pressemeldinga frå regjeringa seier olje- og energiminister Tina Bru at «meir leiting som gjev nye funn er avgjerande for å oppretthalde eit høgt aktivitetsnivå, sysselsetting og inntekter frå Noregs største næring på sikt.»

Natur og Ungdom-leiar Hugstmyr Woie fryktar på si side det kan gjere omstillinga endå mer forsinka, endå dyrere, og endå vanskelegare å gjennomføra.

Naturvernforbundet peikar på sine nettsider på at det kan ta opp mot 20 år frå eit selskap får leitelisens til ein oljerigg står klar til utvinning.

«På det tidspunktet er me i 2041, elleve år forbi 2030 når Noreg skal ha halvert sine klimagassutslepp og berre ni år unna 2050 når verda ikkje lenger skal sleppe ut CO2 om me skal unngå katastrofale klimaendringar,» skriv moderorganisasjonen til Natur og Ungdom.

Greenpeace-leiar Frode Pleym meiner regjeringa må omsette store ord til handling.

– Det er berre litt over ei veke sidan regjeringa la fram ein klimaplan for å kutte utsleppa og nå måla i Parisavtala. No fortset dei å torpedere si eiga klimasatsing gjennom å la oljeselskapa få leite etter meir olje og gass. Det heng ikkje på greip, seier Pleym i ei pressemelding.

Kritiske til ordninga

Leiar i Greenpeace Norge, Frode Pleym. Foto Greenpeace

Både Havforskingsinstituttet og Norsk Polarinstitutt stilte seg kritiske til TFO-ordninga i sine høyringssvar, der dei mellom anna peika på mangelfulle miljøvurderingar.

Natur og Ungdom og Greenpeace meiner at heile TFO-ordninga bør avviklast.

– Tanken bak den var å dele ut løyve til oljeleiting nær eksisterande infrastruktur og i kjente område. Dei siste åra har vi sett at ordninga blir grovt misbrukt og at det er oljeinteressene som rår. Sårbar natur blir kasta under bussen av olje- og energidepartementet, som gjennomfører tildelinga i ein svært lukka prosess utan å bry seg om miljøfaglege råd, seier Pleym.

Uroa for Lofoten

Naturvernforbundet reagerer spesielt på at 15 av oljeblokkene ligg i det økologisk viktige Barentshavet. Sju av desse blokkene ligg i eit særleg verdifullt og sårbart område rett nord for Finnmarkskysten.

Leiar i Naturvernforbundet, Silje Ask Lundberg. Pressefoto

– Barentshavet er blant dei aller viktigaste havområda me har. Her produserast plankton og fisk som skapar enorme verdiar langs kysten. Det er svært skuffande at regjeringa nok ein gang overser faglege råd og truar eit sårbart økosystem og vårt felles matfat, seier leiar i Naturvernforbundet Silje Lundberg i ei pressemelding.

Greenpeace-leiar Frode Pleym reagerer på si side særleg på at det er gitt utvinningsløyve nær dei sårbare og verdifulle korallreva ved Eggakanten og området i Lofoten, som er stengd for oljeboring.

– Dersom det skjer ei ulykke sør for Lofoten kan havstraumane frakte oljesøl nordover inn i områda som politikarane vil ta vare på. Her gir regjeringa klarsignal for oljeboring svært nær sårbar natur som Trænarevet, og det er skammeleg, seier Pleym.