Ropstad tek opp kampen med Facebook, Instagram og Snapchat

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ropstad er oppteken av korleis ein kan ansvarleggjere plattformer som Facebook, Instagram og Snapchat.

– Eg meiner vi må jobbe internasjonalt for å straffeforfølgje dei i større grad og stille dei til ansvar. Vi bør òg sjå på om vi kan stille krav til algoritmane. Til dømes er vi bekymra for dette med sjølvmord og sjølvskading. Her ser vi at algoritmane kan vere med å forsterke negative inntrykk, seier Ropstad til Aftenposten.

Facebookmøte

Representantar for Facebook, som eig Instagram, hadde nyleg eit møte om temaet med Ropstad. Her skal han ha bede plattforma ta grep, utan at han vil gå i detaljar.

– Eg har verkeleg håp om at den nye administrasjonen til Biden vil stille strengare krav. På same måte har EU ein betre posisjon og større makt, seier Ropstad.

Facebooks nordiske kommunikasjonssjef, Peter Münster, kommenterer ikkje samtalane med Ropstad, men seier Facebook ønskjer reguleringar velkommen.

– Spesielt innanfor område som «skadeleg innhald». Men inntil slike reglar finst, vil vi halde fram med å gjere oss endå meir transparente og halde oss sjølve ansvarlege for korleis vi driv tenestene våre, seier han.


Press-leiar Lea Mariero skriv om kvifor TikTok er nominert til årets Gullbarbie. Foto: Unsplash, Pressefoto. Kollasj: Framtida.no