Frost 2-premiere i Hollywood: – Det er ikkje heilt sånn i Karesuando

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 11.11.2019 08:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Superstjerna Selena Gomez og veslesystera Gracie Elliot Teefey var på same premiere som den samiske delegasjonen Foto: Jordan Strauss/Invision/AP

Torsdag kveld var internasjonale stjerner samla på den raude lauparen i Hollywood for premieren på storfilmen Frozen 2.

Blant dei var superstjerna Selena Gomez, som hadde med seg veslesystera Gracie Teefey (6). Dei to vekte åtgaum for dei matchande kjolane sine.

Men Gomez var ikkje den einaste som strålte på den raude lauparen.

I tillegg til dei internasjonale stjernene var ein samisk delegasjon til stades. I førebuingane til Frozen 2 har Samerådet og det norske, svenske og finske sametinget samarbeidd med Disney.

– Tenk at me klarar å konkurrere med dei internasjonale stjernene, sa ein strålande sametingspresident, Aili Keskitalo til NRK Sápmi på den raude lauparen.

Frå venstre: Den svenske sametingspresidenten Per-Olof Nutti og Gudrun Ellá Márge Nutti (10), president i Samerådet, Åsa Larsson Blind og Ida Elisa Blind (10), den norske sametingspresidenten Aili Keskitalo og dottera Inga Ristin Nystø Keskitalo (11) og den finske sametingspresidenten Tiina Sanila-Aikio og Elli Då´mnn Aikio (10). Foto: Siv Eli Vuolab/Sametinget

Likar Olaf og Elsa

På veg inn til filmen fortel jentene korleis det er på ein Hollywood-premiere:

– Det er litt merkeleg. Fordi det er ikkje heilt sånn i Karesuando, seier Gudrun Ellá Márge Nutti (10).

10-åringen gler seg til etterpåfesten og håpa å møta éin spesiell kjendis:

– Leonardo DiCaprio.

Når jentene vert spurt om favorittkarakteren i Frozen er dei ikkje i tvil:

– Olaf!

– Olaf og Elsa!

Northuldra-karakterane

Framtida.no intervjua sametingspresident Aili Keskitalo understreka ho kor viktig det var at samane ikkje vart flaue eller lei seg når dei såg filmen, om Disney Animation skulle henta inspirasjon frå samisk kultur.

– Det skal vera noko som me kan relatera til, noko attkjenneleg og ikkje noko som forsterkar stereotypiar om samar, understreka ho til Framtida.no.

I tillegg til filmpremieren fekk den samiske delegasjonen vitja Disney Studios, der dei mellom anna vitja Walt Disney sitt kontor og fekk sjå korleis animasjonsstudioet laga Northuldra-karakterane, som er inspirert av samane.

Frå venstre: Den norske sametingspresidenten Aili Keskitalo og dottera Inga Ristin Nystø Keskitalo (11), den finske sametingspresidenten Tiina Sanila-Aikio, saman med Elli Då´mnn Aikio (10) og Gudrun Ellá Márge Nutti (10), president i Samerådet, Åsa Larsson Blind og Ida Elisa Blind (10) og den svenske sametingspresidenten Per-Olof Nutti. Foto: Siv Eli Vuolab/Sametinget