«Regjeringa kan framleis ikkje sjå klimastreikarane i augo med godt samvit»

Simen Bondevik
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne månaden la regjeringa fram ein klimaplan som skal bidra til målet om å halvera norske utslepp innan 2030.

Klimaplanen har hausta skryt for fleire gode enkelttiltak, men så lenge regjeringa vel å oversjå det viktigaste har dei ingenting å vere stolte av.

500 millionar tonn CO2

Forbrenninga av olje og gass som kjem frå Noreg fører årleg til utslepp på cirka 500 millionar tonn CO2. Det er i all hovudsak olje- og gassindustrien som er grunnen til Noregs auka CO2-utslepp sidan 1990. 20 olje- og kolselskap har dessutan aleine stått for over ein tredel av dei globale klimagassutsleppa sidan 1965.

Så lenge vi held fram som i dag tar vi ikkje klimakrisa på alvor

For å lukkast med den grøne omstillinga og kutte nok klimagassutslepp må vi ha ein sluttdato for olje- og gassverksemd på norsk sokkel og ein detaljert plan for korleis utfasinga skal skje.

Så lenge vi held fram som i dag tar vi ikkje klimakrisa på alvor.

Ved å setje ein sluttdato kan vi gradvis fase ut petroleumsnæringa utan at dei tilsette vil bli arbeidsledige, og samtidig sikre at deira kompetanse blir brukt i det grøne skiftet.

Rekord i nye oljelisensar

Men dette har altså regjeringa valt å oversjå, igjen. I staden skriv dei i planen at: «Hovudmålet i petroleumspolitikken er å leggje til rette for lønsam produksjon av olje og gass i eit langsiktig perspektiv.»

Dette viser ei manglande forståing av kor dårleg tid vi faktisk har på å løyse klimakrisa.

Dagens regjering har også sett rekord i tildeling av nye oljelisensar, auka utbygginga av motorvegar og gitt oljenæringa milliardar i skattelette.

Det er eigentleg ganske absurd at vi ikkje har kome lenger i den norske samfunnsdebatten om klima- og miljøtiltak. Når klimasaka er den viktigaste saka for norske veljarar er det vanskeleg å forstå at regjeringa vel å ignorera dette og i staden heie fram ei forureinande olje- og gassnæring i all overskueleg framtid.

Plan for starten på slutten

Om klimaplanen skulle hatt noko som helst truverd og den effekten jordkloden treng måtte han ha innehalde ein plan for starten på slutten av det norske petroleumseventyret.

Regjeringa sin klimaplan og politikk inneheld gode enkelttiltak som for eksempel auka CO2-avgift og relativt offensive klimamål.

Regjeringa nektar å ta innover seg at vi er nøydde til å omstille økonomien vår

Problemet er berre at effekten av desse grøne tiltaka blir undergravd og øydelagd av at regjeringa nektar å ta innover seg at vi er nøydde til å omstille økonomien vår frå å vere avhengig av olje- og gassverksemd til eit samfunn kor vi investerer, forskar på og byggjer opp nye grøne næringar med fornybare energikjelder.

Treng ein internasjonal klimadugnad

Vi veit at verda kan om vi vil. Handlingskrafta og dugnaden vi har sett over heile verda for å nedkjempe spreiinga av koronaviruset har vore fantastisk.

No treng vi ein internasjonal klimadugnad der også Noreg må ta sin del av ansvaret.

Noreg som eit av verdas rikaste land burde vore i front i klimakampen for lenge sidan, og starta utfasinga av petroleumsnæringa for å vise veg for resten av verda.

Mål og festtalar må følgjast opp med handling.

Klimaplanen regjeringa har lagt fram er igjen eit svik mot miljørørsla. Dei overser og undergrev viktigheita av å starte utfasinga av olje- og gassverksemd på norsk sokkel. Det viser ei manglande forståing av graden av alvor og den akutte faren av klimakrisa vi står midt oppi. Regjeringa kan framleis ikkje sjå klimastreikarane i augo med godt samvit.


Kollasj laga av framtida.no. Simen Bondevik: Privat, Alexandria Ocasio-Cortez: AP Photo/Andrew Harnik. Pinnekjøt: Nynorsk Pressekontor